TRÅDLAUST NETT — TIPS OG RÅD

Tråd­laust nett er blitt ein del av kvarda­gen vår, vi får fleire og fleire dingsar som skal knyt­tast til inter­nett. Ikkje berre data­mask­in­er, mobil­tele­fonar og net­tbrett. Spele­mask­in­er, lydan­legg, varmepumper, skri­varar, pan­elov­nar, alar­man­legg, kam­era og myk­je meir må ha net­tforbindelse for å fungere.

Dette set større og større krav til ditt tråd­lause nett. Har du rett tråd­laust utstyr? Gjer deg kjent med ditt eige utsyr og få over­sik­ten av kva du har i din heim.

Dei lokale elek­tron­ikkforhand­larene i Kvinnher­ad er flinke til å gje råd om kva du bør kjøpe i din heim av naudsynt tråd­laust utstyr.

Vi anbe­falar å investere i eige tråd­laust utstyr som pas­sar bruken du har i din eigen heim. Har du ein liten over­sik­te­leg lei­lighet med alt på eitt golv kan det vere nok med ein tråd­laus ruter. Har du fleire etas­jar, store hin­dringar som murvegger/baderom/tekniske rom som reduser­er sig­nalk­valiteten kan det svare seg å gå på eit maskenett (mesh ruter­sys­tem) med fleire enhetar som fordel­er det tråd­lause net­tet i bustaden.

Det vil alltid svare seg å gå direk­te med kabel på dei einingane du kan, som til dømes smart-TV, X‑Box, Playsta­tion, gam­ing-PC og andre krev­jande brukarar. Det er og med å ta ned belast­ninga på det tråd­lause nettet.

Tråd­lause forsterkarar som du set rett i stikkon­tak­ten er ofte for svake til den bruken du har tenkt. Lyd og bilete er svært krev­jande å sende tråd­laust med god kvalitet og kan med fordel ha kabeltilknyt­ning om dette er mogeleg.

Elek­trikaren din kan hjelpe deg med å leg­gje datak­ablar i huset om du treng det. Du kan og gjere det sjølv, mange butikkar sel kabel, kon­tak­t­ma­teriell og verk­ty du treng.

Sjekkliste for våre kun­dar i forhold til tråd­laust nett, som for mange kan vere ei utfor­dring med mange brukarar:

1. Sjekk plassering av ruter — sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet

2. Sjekk hastigheit i fleire rom — sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.

3. Direkte med kabel — til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan — datamaskin (speling), SMART tv-ar.

4. Sjekk ruteren din (gammal eller ny) — dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.

5. Sjekk eige utstyr — sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.

6. Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 — 15:00) alle kvardagar. Vår e‑post adresse er post@kband.no.

Glob­al opplev­ing. Lokal service.