Visste du at ei god fiberlinje og god wifi er to forskjellige ting?
Når fiberen kjem inn i huset, stoppar han i ein boks kalla typisk “heimesentralen” eller “modemet”.
Så må internettet fordelast vidare rundt i huset – og det er det WiFi gjer. Det sender signal gjennom lufta slik at mobilen, TV-en og iPaden kan få internett utan leidning.
Så enkelt sagt:
- ⚡️ Fiber = internettet som kjem inn i huset
- 🌐 WiFi = måten internettet blir delt rundt i huset på
Du kan faktisk ha fiber utan WiFi, men då må alt koplast direkte med leidning, for eksempel rett i PCen din. For nokon er dette fint, men for dei aller fleste er behovet for WiFi der.
WiFi-sendarar finst i ulike kvalitetar og med ulik rekkevidde. Hjå oss kan du leige eit toppmoderande, høgtytande WiFi-system kalla Eero, som kan byggjast ut med fleire einingar etter behov – alt etter storleik og utforming på huset ditt.
Kvifor held det ikkje alltid med éin WiFi-sendar?
I dag har dei fleste heimar langt fleire einingar enn før. TV-ar, mobiltelefonar, nettbrett, spelkonsollar, varmepumper, robotstøvsugarar, kamera, dørklokker og smarte lyspærer – alt skal på nett.
Jo fleire einingar som er kopla til, jo meir må WiFien jobbe.
I tillegg spelar sjølve huset ei stor rolle. Betong, mur, tjukke veggar, fleire etasjar eller lange avstandar gjer at signalet blir svakare. Det er ofte derfor nettet fungerer fint i stova – men ikkje på soverommet eller i kjellaren.
Kva er eigentleg Eero?
Eero er ikkje berre ein “forsterkar”. Det er eit moderne WiFi-system som jobbar smart i bakgrunnen for å gje deg stabil dekning i heile huset.
Med fleire Eero-einingar lagar du eit samanhengande nettverk (mesh), der einingane samarbeider. Du treng ikkje bytte nett når du går frå rom til rom – alt skjer automatisk og saumlaust.
Eero:
- tilpassar seg automatisk bruken i huset
- prioriterer trafikk når det trengst (til dømes streaming og videomøte)
- oppdaterer seg sjølv
- kan styrast enkelt via appen “Eero” frå App Store/Google Play
Tilleggsfunksjonar: Foreldrekontroll og gjestenett
Med Eero får du også inkludert fleire kjekke funksjonar, som:
- setje tidsgrenser på internett for barna
- pause nettet på bestemte einingar
- lage eige gjestenett (slik at gjester ikkje får tilgang til resten av heimenettet ditt)
- automatiske oppdateringar
Det gjer nettet både tryggare og meir oversiktleg.
Kvifor leige Eero gjennom oss?
Når du leiger Eero gjennom oss i Kvinnherad Breiband, får du meir enn berre utstyret.
✅ Vi hjelper deg å finne rett tal einingar for huset ditt
🔧 Vi kan hjelpe deg heilt til endes: Fungerer fiberen, men ikkje WiFi, får vi inn målingar og får feilretta raskt.
💪🏻 Full support og garanti er inkludert
💸 Ingen store eingongskostnader: Du betalar berre kr 49,- mnd. pr. eining med serviceavtalen inkludert.
Du slepp å lure på kva du skal kjøpe, kva som er kompatibelt, og om det faktisk fungerer saman med fiberen din. Vi tek ansvar for heile løysinga – frå fiberlinja kjem inn i huset, til WiFien fungerer i alle rom.
Enkelt og greitt — det berre verkar!
Bestill enkelt i vårt bestillingsskjema under her, og hent på vårt kundesenter:
📍Heiamyro 3A, 5460 Husnes
🏡 Ope alle kvardagar mellom kl 08:00–15:00
👷🏻 Vil du ikkje setje opp sjølv? Bestill tenesta “heimefiks” med ein av våre kjekke montørar for kr 990,- i kommentarfeltet i skjemaet, så slepp du å gjere noko som helst sjølv.