Det nærmar seg nytt år etter eit spanande 2023 med mange store prosjekt i heile Kvinnherad. Vi har funne oss godt tilrette på Husnes og både ser og snakkar med fleire kundar enn nokon gong. Vi har fiber i stort sett heile Kvinnherad, fordelt på 5350 kundar både på privat og bedriftsmarknaden.
Teknologiløft og førebuing på framtida
Heilt tilbake til 2017 har Kvinnherad Breiband jobba aktivt med å byte ut alle sine eldre typar heimesentralar til 1000 Mbps grensesnitt for å førebu kundane på framtida og kunne tilby betre tenester og høgare nettfart til alle våre kundar i heile Kvinnherad.
No er målet nådd, endeleg!
Dei siste 700 kundane med dei eldste heimesentralane er straks oppgraderte, og vi er no klare med våre nye produkt og skreddarsydde løysingar ut til fleire tusen heimar. Den lågaste nettfarten aukar frå 80 til 100 Mbps på privatmarknaden.
Førre endring av lågaste nettfart og pris vart justert i 2019.
Marknadstilpassing av prisar, produkt og tenester
Prisendringa frå årsskiftet er ei generell prisauke og marknadstilpassing av prisar og nettfart.
Vi tar også høgde for auka kostnader som fylgje av inflasjon og for å sikre god utvikling av både teknologi og fibernett i vår region.
Det vert kontinuerleg jobba med mål om å levere stabile tenester med god kvalitet som er naudsynt og viktig både no og i framtida.
Nye internett prisar for privatkundar frå 01.01.2024
Internett produkt | Pris pr mnd | NY! Pris pr mnd |
Fiber 80 | kr 549 | utgår (ikkje nysal sidan 01.03.23) |
Fiber 100 | kr 649 | kr 649 (uendra pris, erstattar fiber 80) * |
Fiber 200 | kr 699 | kr 699 (uendra pris) |
Fiber 500 | kr 999 | kr 899 (prisreduksjon kr 100) |
Fiber 1 Gig | kr 1099 | kr 999 (prisreduksjon kr 100) |
* Fiber 80 stoppa som nysal 01.03.23.
Alle kundar med fiber 80 får auka nettfart til fiber 100 og ny pris kr 649 pr mnd, frå 01.01.24.
Les meir om nettfart om du er forvirra av uttrykket.
Dersom du er tv-kunde på “gammal” tv-platform kan det vere lønsamt å oppgradere abonnementet for gode pakkeprisar med topp nettfart.
Gjeldande vilkår for private.
Våre Internett og TV pakkar
Merk at desse pakkeprisane er gjeldande for alle som har oppgradert abonnementet sitt med nytt utstyr og til ny tv-platform (med ny tv-platform meinast bruk av dei nyaste tv-boksane som kom på marknaden for nokre år sidan, såkalla streaming boksar).
Ei oppgradering krev heilt enkelt ei utskifting av tv-dekoder(ar).
HOHOHO! Vi tilbyr gratis oppgradering i heile desember og januar, normal pris er kr 990.
Din pris kan avvike frå denne framstillinga dersom du har eldre typar tv-dekoderar og tv-platform (med og utan opptak, antal tv-dekoderar, type tv-dekoder, type nettfart, osv).
Fortvil ikkje, dette kan gjerast noko med, sjå prisar her.
Vi har ein auke i bestilling på pakkar med Internett og TeliaPlay, her er det pengar å spare, som fleire og fleire har oppdaga.
Prisar fasttelefoni frå 01.01.24:
Produkt Telefoni | Pris pr mnd | Ny! Pris pr mnd |
Telefoni lokal | 39 pr mnd | 69 pr mnd |
Telefoni nasjonal | 139 pr mnd | 199 pr mnd |
Telefoni global | 199 pr mnd | Utgår! |
Vi har framleis ein del telefonikundar. Dette er imidlertid ikkje eit satsingsprodukt. Dei fleste har i dag mobiltelefon og kan ringe over eige WIFI (wifi — tale). Merk at teljarskritta kjem i tillegg for bruk utover det som er inkludert i avtalen. Alle med Telefoni Global har fått eigen sms med informasjon om endring. Desse avtalane går over til Telefoni Nasjonal frå 01.01.24.
Produktet er under avvikling innan 2–5 år. Les meir om telefoni her.
KB TRÅLAUST — SOLID WIFI
Vårt nye trådlause system “KB Trådlaust” er vår nye satsing, og her er det allereie mange gode tilbakemeldingar frå kundar som har teke tenesta i bruk.
KB Trådlaust kan du leige hjå oss frå kr. 99,- per månad.
Etableringskostnad er kr. 1490,- dersom vi monterer. På nyinstallasjon slepp du etablering på KB Trådlaust. Hentar du utstyret sjølv er etableringa kr 500.
Merk at dette produktet er inkludert serviceavtale og du vil få tilgang til ein eigen app med foreldrekontroll og mange andre nyttige funksjonar for optimalisering av heimenettet.
Les meir her.
Bedriftsabonnement
Nettfarten for bedrifter vart sist endra 01.03.23 og vert ikkje endra frå 01.01.24. Vi jobbar imidlertid med spanande satsing på utvida SLA (service level agreement) pakkar som vi håpar å lansere innan 1. kvartal 2024. Vi ser eit aukande behov for breibandstenester 24/7 hjå særs mange spanande bedrifter i Kvinnherad. Då er service og tilgjenge særs viktig.
Du finn oversikt på dei generelle prisane for bedrifter her.
Gjeldande vilkår for bedrifter.
Kundekontakt og lokal service
Vi håpar du finn glede i våre produkt og tenester.
Vårt kundesenter er ope alle kvardagar frå kl. 8 — 15, telefon 53475640.
Du er også velkomen innom for ein prat i Heiamyro 3A, Husnes.
Ved behov eller ynskje om endring på ditt abonnement ber vi om å få dette skriftleg til post@kband.no. Du kan også nytte oppgraderingsskjema eller kontakt oss skjema på vår heimeside.
Global oppleving. Lokal service.