Nettverkselektronikk

TRYGGLEIK OG ARBEIDSHEST

Switchen – ryggra­da i bedrift­snettver­ket. 

I eit mod­erne bedrift­snettverk er switchen sjølve knutepunk­tet som bind alt saman. Han syt for at data flyt raskt, sta­bilt og sikkert mel­lom brukarar, server­ar, tråd­lause aksesspunkt og tryggleiksløysingar. 

Med rett switch blir nettver­ket ei plat­tform for utvikling. 

Ein bedriftswitch handter­er store mengder trafikk sam­stun­des og pri­or­iter­er kri­tiske ten­ester som tele­foni, videomøte og skyap­p­likasjonar. Han gir struk­tur, kon­troll og føre­seie­leg yting — også når belast­ninga aukar. 

POE (Pow­er Over Eth­er­net) gir nettverkssig­nal og straum til WIFI og kameraløysingar. 

Fun­da­mentet for sta­bil IT-drift 

Når verk­sem­da veks, veks også kra­va til nettver­ket. Ein pro­fesjonell switch sikrar at infra­struk­turen tol­er fleire brukarar, fleire einingar og meir data­trafikk — utan at sta­biliteten blir svekt. 

Resul­tatet er færre avbrot, betre brukarop­plev­ing og lågare driftskostnader. 

Switchen er ikkje berre ein kom­po­nent. 
Han er fun­da­mentet for heile den dig­i­tale arbeidsplassen. 

Meir enn berre tilko­pling 

Ein mod­erne switch gjer langt meir enn å kople kablar: 

  • Seg­menter­er nettver­ket for tryggleik 
  • Pri­or­iter­er vik­tig trafikk 
  • Gir sen­tral administrasjon 
  • Over­vak­er yting i sanntid 
  • Foren­klar feilsøking 
  • Skalerer med verksemda 

Dette gir eit nettverk som er raskare, tryg­gare og enklare å drifte. 

Bran­n­muren. 

Bran­n­muren er eit sikker­heits­fil­ter som vernar nettver­ket mot uøn­skt trafikk og angrep, og sørgjer for at berre god­kjend kom­mu­nikasjon slepp gjennom. 

Hov­u­doppgå­va er å over­vake, fil­trere og styre trafikk slik at uøn­skt eller far­leg kom­mu­nikasjon blir stoppa. 

Til­gangskon­troll 
Bran­n­muren bestem­mer kven som får lov til å nå interne ressur­sar. Til dømes hin­dre at eksterne brukarar får til­gang til interne serverar. 

Over­vak­ing og log­ging 
Ho log­gar trafikk og mis­tenkje­leg aktivitet. Dette gjer det mog­leg å oppdage tryg­ging­sprob­lem og analy­sere hendin­gar i ettertid. 

Redun­dans med 4G/5G. Alltid på nett! 

Unngå avbrot i virk­somheten ved å legge til ein redun­dant enhet som back­up til di van­lege inter­net­tilkobling. Redun­dant WAN over LTE gjer deg int­ter­nett sjølv om det er fiber­brot eller andre uforut­sette ting som gjer at net­tet er nede. 

Kvinnher­ad Breiband vil då straks iverk­sette tiltak, medan du fram­leis er på nett.