Treng du hjelp heime for å få TV eller internett til å fungere som det skal?
HeimeFix kan vi hjelpe deg med! Vi tilbyr heimebesøk og løyser problemet for deg.
Nokre kundar har behov for teknisk hjelp heime. HeimeFix har vi i Kvinnherad Breiband teke på alvor. Difor har vi utvikla ei teneste for privatkundane våre, slik at du slepp desse bekymringane.
Med HeimeFix tilbyr vi no heimebesøk av ein av våre fagfolk, som sørgjer for at TV-en og nettet ditt fungerer som du ønskjer. Tenesta gjeld for alle kundar hos Kvinnherad Breiband.
Vi har kalla tenesta HeimeFix, fordi vi fiksar det for deg – heime! Vi ønskjer å hjelpe akkurat deg med dine utfordringar, slik at du kan nyte ditt raske og stabile breiband utan stress.
Dette kan vi hjelpe deg med:
🔹 WiFi
Tilkopling og forbetring av nettverks- og trådlaust utstyr – alt frå ruter og forsterkarar til smart-TV og kamera.
🔹 PC
Datasupport, installasjon av maskinvare eller programvare, samt oppsett av skjermar og tastatur.
🔹 TV/Media
Hjelp til oppsett, installasjon og konfigurering av smart-TV, eller andre produkt som heimkino, høgtalarar, spel og prosjektør.
Korleis fungerer HeimeFix?
📌 Du fyller ut bestillingsskjemaet på nettsida vår med kva du treng hjelp til.
📌 Vi tek kontakt med deg på telefon for å kartleggje utfordringane dine.
📌 Du får opplæring i produkt* og tenester som Kvinnherad Breiband leverer.
📌 Vi kan også hjelpe med anna utstyr som er kopla til internett eller TV**, slik at alt fungerer som det skal.
💡 Vi koplar deg på – medan du koplar av!
SKJEMA HER.
*Det blir utført teknisk hjelp på eksisterande produkt og tenester etter tilråding frå våre fagfolk, og nye produkt blir berre tilbydde dersom det er behov for utskifting eller oppdatering. Vi avklarer alltid med kunden dersom det er behov for utstyr som medfører ekstra kostnad utover avtalt pris for oppdraget.
**Våre fagfolk har god kunnskap og kan truleg løyse det meste, men vi kan ikkje garantere at dei kan bistå eller løyse utfordringar med alle variantar av utstyr.