Telia Norge har blitt utsett for eit datainnbrudd der kundedata er stole. Opplysningane som kan vere berørte er namn, adresse, e‑postadresse, telefonnummer og fødselsdato til privatkundar med TV-tenester frå Telia.
Sidan Telia er leverandør av TV-tenester hos oss, kan enkelte av våre kundar også vere omfatta.
Dette er imidlertid ikkje verifisert på noverande tidspunkt.
Telia opplyser at dei ser svært alvorleg på hendinga og har sett i verk fleire sikkerheitstiltak for å avgrense mogleg misbruk av opplysningane. Selskapet samarbeider tett med relevante myndigheiter, og saka er meldt til politiet. Vi er òg i dialog med Telia om situasjonen.
Det er per no ikkje nødvendig å gjere noko, men vi oppmodar alle om å vere merksame på eventuelle svindelforsøk.
Meir informasjon og råd finn du på Telia sine nettsider:
https://www.telia.no/hjelp/datainnbrudd/
Telia vil informere vidare dersom det kjem ny og relevant informasjon.
Kundekontakt:
Kundesenter, ope kvardagar frå kl. 8 — 15 på telefon 53475640.
Pressekontakt:
Informasjonssjef Daniel Barhom:
daniel.barhom@telia.no | +47 465 00 000