Kundetilfredsheit i fokus

Hjå Kvinnher­ad Breiband job­bar vi kon­tin­uer­leg for å levere sta­bile ten­ester, god kun­de­ser­vice og løysin­gar som pas­sar kvarda­gen til kun­dane våre. For å bli enda betre, gjen­nom­før­er vi no ei kun­de­un­der­søk­ing i samar­beid med Telia og analy­sesel­skapet Opinion.

Du kan få invitasjon på e‑post

I løpet av dei næraste dagane vil eit utval kun­dar få tilsendt ein invi­tasjon til under­søkinga. Invi­tasjo­nen kjem frå Opin­ion, og vert sendt frå e‑postadressa:

📧 survey@opinion.no

Kvifor gjennomfører vi undersøkinga?

Tilbakemeldin­gar frå kun­dane våre er noko av det vik­ti­gaste vi har. Svara vi får hjelper oss med å:

  • For­be­tre ten­estene våre
  • Utvikle nye løysingar
  • Sikre at vi lev­er­er den kvaliteten kun­dane våre forventar
  • Forstå kva vi gjer bra – og kva vi kan bli betre på

Trygt og konfidensielt

Det er Opin­ion som gjen­nom­før­er under­søkinga, behand­lar svara og samanstiller resul­ta­ta. Alle svar vert hand­sama konfidensielt.

Vi set stor pris på om du tek deg tid!

Der­som du får invi­tasjon håpar vi du vil delta. Det tek berre nokre få min­utt, men betyr myk­je for oss og utviklin­ga vidare.

Takk for at du er kunde hjå oss – og for at du hjelper oss å bli betre 💚