Kva skjer med Arne?

(…og kvi­for du kjem til å sjå endå meir til han – berre på ein litt ny måte!)

Sidan 1. juni 2009 har du tru­leg møtt Arne når du har ringt kun­de­sen­teret vårt, eller vore innom oss – først i Vikjo, og no i Heiamy­ro 3A.
I mange år har han vore både stem­ma utad for Kvinnher­ad Breiband, og eit kjent fjes for kun­dar over heile kommunen.

Men dei siste månadene har det skjedd myk­je i organ­isas­jo­nen vår. 

Nye stemmer – og ei viktig satsing

Hausten førte med seg fleire organ­isatoriske endringar, og to nye kun­derådg­je­varar – Ina Løn­ning og Rick J. Turn­er – er no godt på plass.
Desse to blir dykk godt kjend med framover, og styrkar laget på den daglege kun­de­hand­samin­ga, saman med resten av gjengen.

Så… kva med Arne?
Mange spør, og svaret er enkelt:

Arne er abso­lutt fram­leis med – men no i ny rolle som bedrift­srådg­je­var.

Saman trykkjer vi på “ON” knap­pen på utsi­da av bygget vårt på Husnes. 

Ei satsing på næringslivet i kommunen

Med nær­mare 6 000 kun­dar og stadig meir avanserte behov, er mark­nadssi­da styrkt for å møte framti­da. Her er Arne ein nøkkelper­son:
Han har no hov­u­dans­var for alle bedrift­skun­dane våre, og job­bar tett saman med både plan‑, drifts- og teknisk avdeling.

Arne er kjent for orden, struk­tur og auge for detal­jar – og det trengst! I vår bran­sje kan små feil få store kon­sekven­sar, og målet er alltid det same: sta­bile ten­ester for alle, heile tida.
Her er Arne heilt uvur­der­leg – som organ­isator, moti­va­tor, inspi­ra­tor og pos­i­tivt bindeledd på tvers av alle avdelingane.

Kvifor dette er viktig for Kvinnherad

Vi lever i ei tid der alt blir meir kom­plekst: større data­mengder, stren­gare krav til tryg­gleik, robus­theit og kap­a­sitet – og større for­vent­ningar frå kun­dane våre.
For å møte dette trengst både nye satsin­gar og meir kompetanse.

Difor er vi særs glade for å ha ein eigen medar­bei­dar som held i trå­dane rundt næringskun­dane våre – ein som kjen­ner kom­munen, kun­dane og infra­struk­turen vår like godt som si eiga buk­selomme.
Og best av alt: Vi tilbyr kortreist ser­vice med folk som fak­tisk er her.

Så… kva skjer med Arne?

Han er her – akku­rat som før – men job­bar no litt meir i kulis­sane. Treng du han, så får du tak i han. Og næringslivet i Kvinnher­ad? Det er i dei aller beste hender.

Vi tilbyr løysingar for bedrifter som vil vere trygge – og alltid på nett

🔹 Full inter­nett-redun­dans – alltid på nett
🔹 Bran­n­mur frå kjende og trygge leverandørar
🔹 Kom­plette nettverk­sløysin­gar
🔹 Kam­eraover­vak­ing og tryg­gleik­sløysin­gar
🔹 Skred­darsaum av tråd­laus WiFi – ute og inne
🔹 Serv­er-host­ing i lokale datasen­ter på Husnes og Rosendal
🔹 Over­vak­ing av utstyr, ten­ester og serverar

Ønskjer du syn­far­ing eller eit ufor­p­lik­tande tilbod?

Vi kjem gjerne innom dykkar bedrift – og Arne med team er klar til å hjelpe.