Produktinformasjon

Kvinnherad Breiband leverer internett, tv og telefoni via fiberteknologi.

Kva er fiberteknologi?
Med fiberbreiband får du ein kompromisslaus teknologi helt inn til din eigen husvegg. Det går like raskt å laste både opp og ned. Signala blir sendt med lysets hastigheit, og du er då rigga for framtida.
I motsetning til andre typar breiband, som blir levert via linjer med begrensningar (for eksempel kobber), er det kun eige utstyr som set begrensningar på fiberbaserte breiband. Fiber har så og seie ein uendeleg kapasitet og kan overføre ufattelege mengder data i ekstrem hastigheit.

Kvifor bør du velje fiberbreiband?
Dersom du er så heldig at du bur i eit område der det er mogleg å koble seg til fiberbreiband, er det mange gode grunnar til å gjere dette. Du får då eit rask, trygt og framtidsretta nettsamband. Du bestemmer sjølv om du skal streame ein film, levere oppgåver, lage fotobok, på nett. Kapasiteten hjå Kvinnherad Breiband sine fibertenester vil ikkje begrense dine moglegheiter. Vi tilbyr hastigheiter opp til 1 Gigabit. Du tenkjer nok ikkje over det i det daglege, men datatrafikken aukar i rekordfart – jamt og trutt og med store byks. I tillegg til at vi brukar meir tid på internett, så sender og mottar vi langt fleire bileter og filmar enn tidlegare (netflix, snapchat, facebook, e-post, osv.). Stadig fleire “dingsar” blir kobla mot ditt eige nett. Med fiberbreiband er du klar til å takle desse utfordringane både i dag og i framtida.

Vi trur framtida fiberbreiband er heilt overlegent for å imøtekome framtida og ditt behov i åra som kjem.

Les meir om internett, tv og telefoni.