Ny nettfart — tips til måling!

Som mange av dykk allereie har fått med dykk så har vi gjort ein del endringar på net­t­farten for ein del total­pakkar innan inter­nett og tv.
Les meir her om du ikkje har fått dette med deg.

For måling av denne anbe­falar vi deg å koble ein nettverk­sk­a­bel direk­te til fiber modem/heimesentral og inn i pc/mac.
Dette kallar vi “kabla net­t­farttest”.
På den måten kan du måle din reelle net­t­fart lev­ert av Kvinnher­ad Breiband. Gå deretter inn på sida nettfart.no og trykk på “Start testen” knap­pen. Lur­er du på kva fart du har?
Fak­tu­raen din vi vise kva net­t­fart du har.

Du vil då få ned­last­ing og opplas­t­ing­shastighet på di inter­net­tlin­je (vi likar å kalle det net­t­fart).
Hos oss skal du ha same net­t­fart både opp og ned (kan vere “ørsmå” nyansar).
Har du til dømes fiber 100 så vil net­t­farten vere ca. tilsvarande, det vil seie 100/100 mbps.
Der­som du nyleg har opp­gradert di inter­net­tlin­je kan du (om du ikkje har tid til å vente) ta ein omstart av ditt fiber modem/heimesentral, vent nokre min­ut­tar og set strau­men på att. Ta deretter måling med kabel. Det tar kun nokre min­ut­tar å få testre­sul­tatet opp på skjer­men din.

Der­som du har eige tråd­laust utstyr (ruter eller mesh nettverk) er det vik­tig å vere klar over at net­t­farten går direk­te mot ditt fiber modem/heimesentral.
Det er heilt nor­malt å ha lågare net­t­fart frå eigen ruter til dei einingane du log­gar på med. Dette vil kunne variere veldig avhengig av plasser­ing av eige utstyr og ikkje minst rekke­v­id­de og kap­a­sitet på ruter.
Alder og kvalitet på eige utstyr spelar også ei bety­de­leg rolle på utfal­l­et.
Ein skikke­leg sol­id tråd­laus ruter eller eit mesh nettverk kan gi same testre­sul­tat som med kabel.

Klar for ei opp­grader­ing?
Der­som du har ei eldre tv løys­ing med tv-bok­sar utan strøymeten­ester er det fullt mog­leg å opp­gradere til heilt ny tv-plattform. 

Lur­er du på noko kan du ringe vårt kun­de­sen­ter på tele­fon 53475640 kvarda­gar frå kl. 8–15 eller sende ein e‑post til post@kband.no.