I og med at meirverdifritaket på nyhendekanalar vert teke vekk, aukar månadsprisen på TV med 50 kroner pr månad. I samband med dette ynskjer vi samstundes å tilby endå gunstigare pakkeløysingar. Dersom du ikkje har oppdatert til ny tv-plattform med tv-dekoder av typen du kan strøyme, kan du enkelt oppgradere abonnementet ditt.
Oppgradering? Ja, takk?
Dersom du er tv kunde og ynskjer ei oppgradert pakkeløysing kan du leggja inn ei bestilling via vårt bestillingsskjema. Oppgraderingsprisen på kr 990 inkluderer byte av dekoder og eventuelt heimesentral ved behov (dette vurderer vi etter kartlegging av kva du har i bustaden i dag).
Du vil då få tilgang til Telia Play på ny dekoder med enklare og moderne brukargrensesnitt, med tilgang til tusenvis av appar og kan ta heile verda inn i fjernsynsruta di.
Ingen oppgradering, men vil ha det som i dag?
Dersom du ikkje ynskjer oppgradering akkurat no, så treng du ikkje å foreta deg noko som helst, men prisen for TV Telia 50 poeng og TV Telia 110 poeng aukar med 50 kroner også her grunna fjerning av meirverdiavgifta på nyhetskanalar.
Er du allereie oppgradert og klar for endå meir fart?
Kvinnherad Breiband ynskjer å tilby endå betre pakkeløysingar for våre kundar.
Fiber 200 med Strøyming & TV 50 poeng (tidlegare pris kr 1049 pr mnd) blir endra til Fiber 500
(+ 300 mbps auke) med Strøyming & TV 50 poeng med ny månadspris på kr 1099 frå 01.03.23.
Våre pakkar blir oppdatert med ny fart og pris frå 01.03.2023
Felles for alle internett og tv-pakkane er at desse inkluderer:
- Topp nettfart!
- Telia TV & Strøyming
- Fritt kanalval (lag din eigen pakke basert på ynksjer!)
- 50 eller 110 poeng
- 7 dagars tv-arkiv
- 1 Telia Strøymeboks
- Skylagring (opptak) inntil 500 timar
Har du ikkje TV frå oss i dag kan det absolutt svare seg å vurdere dette, ta gjerne eit reknestykke på kva du betaler av strøymetenester i dag.
Dersom du vil ha fleire enn 1 dekoder kan du leige fleire for kr 49 pr dekoder, per månad.
Her er ofte mange “lommetjuvar” når ein oppsummerar alle små og store tilleggsabonnement.
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.