Efaktura før, og no faktura pr post?

Er du ein av våre kun­dar som har mot­teke fak­tu­ra pr post, men “alltid” har mot­teke fak­tu­ra via efak­tu­ra?
Vi opplever for tida ein del tele­fonar frå lojale kun­dar som “alltid” har mot­teke fak­tu­ra elek­tro­n­isk, men no har fått fak­tu­ra per post. Dette er sjølvsagt frus­trerande. Det har vi full forståing for.

Kva er årsa­ka til at du mot­tek fak­tu­ra per post?

Årsa­ka til at mange no mot­tek fak­tu­ra per post (og ikkje elek­tro­n­isk rett i net­tbanken) kan vere fleire.


Fyl­g­jande opplysningar om deg blir reg­istr­ert i “bankenes felles avtale- og betalingskravregister”: 

  • Namn
  • Fød­sels­da­to
  • Adresseop­plysningar
  • E‑post
  • Mobil­num­mer

Det må utvek­slast nokre per­son­op­plysningar om deg for at eFak­tu­ra-ten­es­ta skal fungere.

Fak­tu­raut­stedar kan søke på om du har val­gt “Ja takk til alle” eller ikkje (ei innstill­ing du set opp i net­tbanken din). På dette grunnlaget kan då eFak­tu­ra sendast til din net­tbank eller betal­ings­flate (feks. VIPPS).
Det er vik­tig at du sikrar at di betal­ings­flate har reg­istr­ert rette opplysningar i mot­tak­er­reg­is­teret, spe­sielt då kor­rek­te adresseop­plysningar, tele­fon­num­mer og epostadresse som er vik­tig infor­masjon for at utstedar skal kunne finne deg som eFak­tu­ramot­tak­er.  

Vi som dykkar inter­nett leverandør (og tilby­dar av efak­tu­ra avtale) er plik­tige til å “vaske” kun­dereg­is­teret vårt. Dette gjere vi min­i­mum 1 gong pr månad (gjerne også oftare). På den måten veit vi at kunde­da­ta er opp­datert før vi sender ut fak­tu­ra.

Nasjonale krav
Nye nasjonale krav til efak­tu­ra avta­lar gjere at alle med elek­tro­n­iske avta­lar må ha kor­rekt infor­masjon (min­i­mum­skrav; namn, fød­sels­da­to, adresse, e‑post) reg­istr­ert i kun­desys­temet, elles blir avtal­en avvist hjå NETS. Det er difor vik­tig at Kvinnher­ad Breiband får opp­datert infor­masjon frå kun­dane våre.

Kvi­for får eg det per post?

Alle avta­lar som blir avvist får automa­tisk fak­tu­ra per post. Post­send­ing har eit gebyr på kr 49, noko vi aller helst ynskjer at alle våre kun­dar skal sleppe.

Gebyr kan du unngå i framti­da ved å:
1. Opp­datere avtal­en i net­tbanken din
2. Opp­datere kunde­da­ta (gi oss kor­rek­te opplysningar)
eller mot­ta fak­tu­ra per e‑post (det er også mog­leg).

Opp­datere kun­de­in­for­masjon til Kvinnher­ad Breiband
Der­som du ynskjer å opp­datere kun­de­in­for­masjon hos oss kan du ta kon­takt med oss per tele­fon eller sende rett infor­masjon til post@kband.no.

Der­som avtal­en står på anna juridisk eigar, men dette skal bytast til ny eigar (deg) vi ha dette skrift­leg til post@kband.no

Vi hjelper deg så godt vi kan, ta gjerne kon­takt med vårt kun­de­sen­ter på tele­fon 53475640.

Du finn ei god veiled­ning her.