Produkt og prisendring

Haustnytt frå Kvinnherad Breiband

ENDRING av PRODUKT, PRIS OG NETTFART
frå 01.11.20

For å imøtekomme alle krav til auka fart i net­tet er vi i gang med store investeringar for å møte framti­da slik at du som kunde skal ha ein god forut­sig­bar net­tk­vardag.   Både pris og net­t­fart vert mark­nad­stil­pas­sa og det vert endring i net­t­fart og pris frå 01.11.20.

Kvinnher­ad Breiband er i sluttspurten på tek­nol­o­giskifte som gjer at vi kan til­by høgare net­t­fart til våre kun­dar.  Om lag 3500 kun­dar er overko­pla, det gjen­står nokre sen­tralar, i Rosendal sen­trum, Husnes Sen­trum, Teigen og Åkra.  Arbei­det med overko­pling pågår utover hausten og skal vera fer­dig på nyåret.  Det har vore eit omfat­tande arbeid med omleg­gjing av fiberk­ablar, nettstruk­tur og plan­leg­ging av nytt nett i heile Kvinnher­ad. Opp­graderinga star­ta allereie i 2018, og har såleis vore ressurs og kost­nad­skrev­jande. Pros­jek­tet har også vore veldig utfor­drande og givande for dei tilsette. 

Opp­grader­ing av fiber­nett gjer vi for å møte framti­da og for at du som kunde fram­leis kan få gode og konkur­ransedyk­tige pro­dukt i åra som kjem. 
Prisen på basis­pro­duk­tet vårt “Fiber Nor­mal” vert endra frå kr 499 til kr 549 per månad.
Net­t­farten vert sam­stun­des auka frå 50 til 80 mbps (opp og ned­last­ing). 
Nokre av våre net­t­fart alter­na­tiv går også ned i pris, sjå oppsett nedan­for for kva som gjeld for deg (er du usikker på kva du har så ser du dette på fak­tu­raen din, eller ved innlog­ging på “mi side”).

PERSONALIA

Vi opp­modar alle våre kun­dar til å ta ein dobbel­sjekk på per­son­a­lia.
Ligg du inne med rett tele­fon­num­mer og e‑post adresse?
Vil du ha fak­tu­ra pr post? Nei? Send oss beskjed til post@kband.no så kan vi sende deg fak­tu­ra pr e‑post (gratis). Der­som du ynskjer efak­tu­ra eller avtale­giro kan dette oppret­tast direk­te i net­tbanken din.

Har du avtale­giro i dag med maks­grense? Ta ein dobbelt­sjekk at maks­gren­sa ikkje er for låg før neste fak­tu­ra i november.

Per­son­a­lia OK for deg? 

PRIS OG PRODUKTENDRING
frå 01.11.2020 

Fiber Nor­mal vert endra til Fiber 80
Prisen aukar frå kr 499 til kr 549 per månad. 
-hastigheten aukar frå 50/50mbps til 80/80 mbps 

Fiber Medi­um vert endra til Fiber 80
Prisen går ned frå kr 599 til kr 549 per månad. 
-hastigheten aukar frå 75/75mbps til 80/80 mbps 

Fiber Large vert endra til Fiber 200
Prisen aukar frå kr 649 til kr 699 per månad. 
-hastigheten aukar frå 100/100mbps til 200/200 mbps 

Fiber XL1 vert endra til Fiber 200
Prisen går ned frå kr 749 til kr 699. 
-hastigheten blir 200/200 mbps som i dag. 

Fiber XL2 vert endra til Fiber 500
Prisen går ned frå kr 1049 til kr 999. 
-hastigheten aukar frå 400/400 mbps til 500/500 mbps. 

Fiber XL3 vert endra til Fiber 1G
Prisen går ned frå kr 1599 til kr 1299. 
-hastigheten blir 1000/1000 mbps  som i dag. 

Fiber Fritid vert hei­tande Fiber Fritid. (kun for reg­istr­erte fritids­bus­tad­er).
Prisen aukar frå kr 399 til kr 449 per månad. 
-hastigheten aukar frå 15/15mbps til 50/50 mbps 

For kun­dar med kam­pan­jetil­bod som er i bind­ingstid blir prisen uen­dra til bind­ing utgår.  Ny pris­liste blir gjel­dande når kam­pan­jepe­ri­o­den utgår for dei som har kam­pan­je­pro­dukt. Er du usikker på kva du har eller ynskjer å ha, ta kon­takt då vel:)!
Trip­ple play/totalkundefordel (dvs om du har alle ten­ester inter­nett, tv og tele­foni) kon­septet utgår frå vårt sor­ti­ment.

Førre prisauke for inter­nett var i 2015. 

HASTIGHETSAUKE BEDRIFT 
frå 01.11.2020

For bedrift­skun­dar vert det ingen prisendring, men hastigheten vert oppjustert. 

Fiber 1 vert endra til Bedrift 30. 
Prisen vert uen­dra kr. 1099,-
-hastigheten aukar frå 15/15 mbps til 30/30 mbps.

Fiber 2 vert endra til Bedrift 60. 
Prisen vert uen­dra kr. 1599,-
-hastigheten aukar frå 30/30 mbps til 60/60 mbps.

Fiber 3 vert endra til Bedrift 100. 
Prisen vert uen­dra kr. 2599,-
-hastigheten aukar frå 60/60 mbps til 100/100 mbps.

Pris­ar bedrift er oppg­jevne eksklu­siv mva. 

NY TV TEKNOLOGI – NYE MULIGHETAR 

Vi kjem og med gun­stige  pakkepris­ar for TV og inter­nett i forbindelse med ny TV-teknologi. 

Nye kun­dar kan bestille desse allereie no. Eksis­terande kun­dar kan opp­gradere til ny teknolo­gi med byte av dekoder­ar og få same pakkar, opp­grader­ing­sprisen er kr 990 inklud­ert byte av 1 dekoder.
Det kostar kr 499 kr per til­leg­gs­dekoder i bytte ut over dette og månad­spris er kr 49 per dekoder. 

Du får sky­la­gring med i prisen (ver­di kr 99). 
Med sky­la­gring kan du lagre inntil 500 timar med opp­tak.

Dette kan du lese meir om her. 

NY TV-KVARDAG 

Måten vi ser TV på har endra seg dei siste åra.  Nyhende, fil­mar og seri­ar ser vi like gjerne på net­tbrett, mobil og PC som på den tradis­jonelle TV-dekoderen.  Dette med­før­er og ein kraftig trafikkauke i net­tet vårt, mange har allereie auka net­t­farten sin grun­na over­gang til TV via strøymebaserte ten­ester som Net­flix, NRK-app og TV2 Sumo. 

Kvinnher­ad Breiband har fått til­gang på Get sin nyaste TV-dekoder som er stream­ing­basert og gjer det mog­leg med nye ten­ester i TV-kvarda­gen, du kan få alt Get sitt kjente innhald i til­legg til app-ane til Net­flix, NRK, TV2, Viaplay og andre på same fjernkontroll. 

Denne er og tilgjen­ge­leg for eksis­terande kun­dar der­som ein vel opp­grader­ingspakke, denne dekoderen krev meir band­brei­d­de enn tidle­gare dekoder.  Vel du denne opp­grader­ingspakken får du ny dekoder, høgare fart og opp­tak i sky.  Bestill på heimesi­da vår, eller kon­takt oss om du vil vite meir. 

Du kan og bruke Google Chrome­cast eller Apple-TV4 til å sjå TV på. 

Har du fått med deg at Get er blitt TELIA? 

KB TRÅDLAUST #VIFIXAR 

KB Tråd­laust er eit MESH Wifi sys­tem som vi tilbyr på leige.  Våre folk installerer inntil 3 sendarar i bus­taden din som sikrar godt tråd­laust nett der du oppheld deg.  Månad­sprisen er kr 99 og etab­ler­ing­sprisen kr 1490. 

Kvinnher­ad Breiband har eit eige team om du har behov for litt eksperth­jelp med til dømes å måle Wifi-dekn­ing, utvide Wifi-dekninga i huset ditt, kople opp tråd­laust utstyr m.m.  

Vi tek på oss ulike opp­drag og tek gjerne eit heimebesøk. 
Timepris for montør/teknikar er kr 937,50.

Alle pris­ar er oppg­jevne inklu­siv mva. 

Sjå den nye nettsi­da vår for infor­masjon om dei nye pro­duk­t­pakkane. 

Lur­er du på noko?

Ta kon­takt med vårt kun­de­sen­ter på tele­fon 53475640
(ope kvarda­gar frå kl. 07:30 — 15:00) eller e-post post@kband.no.