Kvinnherad Breiband AS leverer fiber i Kvinnherad Kommune. Selskapet produserer og leverer heilkundetenester med internett, telefoni og TV frå Telia. 99 % av kommunen sine innbyggjarar kan i dag få fiber. Selskapet er i stadig vekst og har dei siste åra tilsett fleire nye montørar og bygd opp eiga teknisk avdeling.
I Kvinnherad Breiband jobbar det i dag 12 menn og ei dame, derav 7 tilsette på plan og montør, 3 tilsette på teknisk og 3 på marknadsavdelinga. I tillegg har vi ein lærling innan telekommunikasjonsmontørfaget.
Kvalifikasjon:
vg1 Elektro og datateknologi
vg2 Elenergi og ekom
Vi vektlegg:
- Serviceinnstilling, samarbeids og kommunikasjonsevner
- Motivert og engasjert
- Systematisk nøyaktighet
- Gode datakunnskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vilje til å stå på
Vi tilbyr:
- Løn etter gjeldande tariffavtale for lærlingar
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i høve læreplanen
- Stimulerande og godt arbeidsmiljø
Kan du vere den rette til å bli vår nye lærling?
For nærare informasjon ta kontakt:
Kvinnherad Breiband, v/ Gunnhild N. Hillestad (dagleg leiar)
Telefon: 40455380 E‑post: gunnhild@kband.no
Søknadsfrist: 10.03.2022