No kjem Netflix inn i valgmenyen!

Telia Noreg og Net­flix har inngått ein ny og spanande avtale som gjer at du snart kan vel­je Net­flix gjen­nom val­gmenyen. På sikt vil endå fleire attrak­tive fordel­er bli tilgjen­gelege for deg.

Det er berre å gle­da seg til ein flek­si­bel TV-ten­este stapp­full av dine favorit­tar! Vi vil informere deg som TV-kunde så snart vi veit kva tid Net­flix og TV2 Play blir tilgjen­ge­leg for dykk i val­gmenyen.

Telia fort­set å utfor­dre
- Vi er stolte over å kunne vidare­føre vårt gode samar­beid med Net­flix. Vi fort­set å utfor­dre og ser fram til å gi kun­dane våre moglegheit til å velge inn denne straumeten­es­ta med det spanande innhaldet i val­gmenyen om ikkje så veldig lenge, seier Pål Rune Kaalen, leiar for pri­vat­mark­naden i Telia Noreg.
Vi job­bar også tett med Net­flix i desse dagar for å kunne til­by våre kun­dar fleire forde­lar også i framti­da. Det er berre å gle­da seg!

Vik­tig samar­beid
- Vi set pris på samar­bei­det med Telia, som ein vik­tig strate­gisk part­ner for oss, både i Noreg og Nor­den. Vi ser fram til å gjere seri­ar, fil­mar og doku­men­tarar, alt frå “Squid Game” til norske “Hjem til jul” endå meir tilgjen­ge­leg for TELIA sine kun­dar, seier Patrick Danck­wardt, sjef for for­ret­ning­sutvikling i Nor­den.

Liten boks — stort univers av under­hald­ning
Telia box er ein TV-og strøymeboks frå TELIA, stapp­full av dine favorit­tar. Bok­sen har stemmestyring, innebygd chrome­cast, til­gang til tusen­vis av apper og støt­tar 4K bildeop­pløys­ing. Med Telia box har du ein enkel til­gang til heile Net­flix-uni­ver­set via ein knapp på fjernkon­trollen og forhåndsin­stallert app i bok­sen. Kan det bli enklare?
Ven­tar du litt kan du som kunde hjå Telia også kunne vel­je Net­flix i val­gmenyen, som siste tilskot i ei lang rekke strøymeten­ester for Telia Play.

Det er berre å finne fram pop­cor­net og gle­da seg!