Endeleg i gang på Skorpo!

No er våre kjek­ke mon­tø­rar i gang med fib­e­r­ut­byg­gjing på Skor­po. Godt assis­tert av Ole Kris­tof­fer har vi fått på plass utstyr, kab­lar og mann­skap og ser fram til nokre veker med effek­tivt arbeid i flot­te omgivelsar. 

Vi strek­kjer opp spre­de­nett, skøy­ter saman og strek­kjer fib­er inn til hyt­ter og hus der vi har mot­te­ke bestil­lin­gar. Det er fram­leis råd å få instal­lert om du bestil­ler no via heime­sida vår kband.no.

Fint i sko­gen på Skorpo!

Til­kop­ling og idriftset­jing vil det bli når vi har fått kop­la sjø­ka­be­len saman med vårt nett på land­sida i Uske­da­len. Då vil vi føre­ta instal­la­sjo­nar i hus og hyt­ter og få Skor­pe­fol­ket på nett.

Det er ei stor gle­de for oss i Kvinn­he­rad Brei­band å ynskja Skor­pe­fol­ket vel­kom­ne i brei­bands­fa­mi­li­en som snart tel 5000 kundar.

Luf­tig arbeidsplass!