Fiberkabel i Opsangersvatnet

Tys­dag 19.01.21 skal Kvinn­he­rad Brei­band AS leg­gja ny fib­er­ka­bel frå Ops­an­ger til Cir­cle K‑stasjonen på Hus­nes. Kabe­len er del av og ei vidare­fø­ring av pro­sjek­tet med sjø­ka­be­len Sun­de-Rom­me­tveit. Vi har i dag fib­er­ka­bel i Ops­an­ger­vat­net mel­lom Ops­an­ger og Røss­lands­lia og det er ifrå same land­tak på Ops­an­ger den nye kabe­len no skal leg­gjast. Det vil øko­no­misk og miljø­mes­sig vera det bes­te med leg­ging av kabel på is.  
Kabe­len blir lagt over isen i Ops­an­gers­vat­net av eige mon­tør­mann­skap.  
Kabe­len blir lig­gjan­de på isen til smel­tin­ga star­tar og vil då søk­ke ned slik den er lagt. Kabe­len må ikkje flyt­tast på og det må ikkje skei­sast over kabe­len eller på anna vis bli gjort ska­de. 
Det er gjort flei­re målin­gar av isen og det vil fort­lø­pan­de bli gjort målin­gar og riskiko­vur­de­ring for å iva­re­ta sik­ker­hei­ta på best mog­leg måte under hei­le opp­dra­get. 

Sel­ska­pet har vars­la nød­eta­tar lokalt, som Brann og Red­ning samt Poli­ti­et. Det blir på det ster­kas­te opp­mo­da til at folk held seg unna det pågå­an­de arbei­det av omsyn til eigen sik­ker­heit. Det­te arbei­det betyr ikkje at isen er kla­rert for fri ferd­sel.  

Den nye sjø­ka­be­len gir sel­ska­pet mog­leg­heit til å kob­le saman vik­tig fib­er infra­struk­tur, som ei vidare­sat­sing på bedrifts­mark­na­den, samt ny sik­ker til­komst av inter­nett og tv-sig­nal frå endå ein leve­ran­dør utan­for kom­mune­gren­se­ne. 
I til­legg til det­te er etab­le­ring av sjø­ka­bel frå Rom­me­tveit til Sun­de ei sat­sing mot ei poten­si­ell etab­le­ring av stor­ska­la data­sen­ter i Kvinn­he­rad Kom­mu­ne.  

Etab­le­ring av eige data­sen­ter er eit spa­nan­de pro­sjekt som sel­ska­pet ser fram til å slutt­føre i split­ter nye loka­ler i løpet av 2022.