Trådlaust nett er blitt ein del av kvardagen vår, vi får fleire og fleire dingsar som skal knyttast til internett. Ikkje berre datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett. Spelemaskiner, lydanlegg, varmepumper, skrivarar, panelovnar, alarmanlegg, kamera og mykje meir må ha nettforbindelse for å fungere.
Dette set større og større krav til ditt trådlause nett. Har du rett trådlaust utstyr? Gjer deg kjent med ditt eige utsyr og få oversikten av kva du har i din heim.
Dei lokale elektronikkforhandlarene i Kvinnherad er flinke til å gje råd om kva du bør kjøpe i din heim av naudsynt trådlaust utstyr.
Vi anbefalar å investere i eige trådlaust utstyr som passar bruken du har i din eigen heim. Har du ein liten oversikteleg leilighet med alt på eitt golv kan det vere nok med ein trådlaus ruter. Har du fleire etasjar, store hindringar som murvegger/baderom/tekniske rom som reduserer signalkvaliteten kan det svare seg å gå på eit maskenett (mesh rutersystem) med fleire enhetar som fordeler det trådlause nettet i bustaden.
Det vil alltid svare seg å gå direkte med kabel på dei einingane du kan, som til dømes smart-TV, X‑Box, Playstation, gaming-PC og andre krevjande brukarar. Det er og med å ta ned belastninga på det trådlause nettet.
Trådlause forsterkarar som du set rett i stikkontakten er ofte for svake til den bruken du har tenkt. Lyd og bilete er svært krevjande å sende trådlaust med god kvalitet og kan med fordel ha kabeltilknytning om dette er mogeleg.
Elektrikaren din kan hjelpe deg med å leggje datakablar i huset om du treng det. Du kan og gjere det sjølv, mange butikkar sel kabel, kontaktmateriell og verkty du treng.
Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring med mange brukarar:
1. Sjekk plassering av ruter — sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet
2. Sjekk hastigheit i fleire rom — sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.
3. Direkte med kabel — til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan — datamaskin (speling), SMART tv-ar.
4. Sjekk ruteren din (gammal eller ny) — dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.
5. Sjekk eige utstyr — sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.
6. Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 — 15:00) alle kvardagar. Vår e‑post adresse er post@kband.no.
Global oppleving. Lokal service.