Som ei samfunnskritisk verksemd er vi avhengig av å kunne drifte nettet vårt på best mogleg måte. 

Vi må difor minimere all aktivitet som inneber fare for smitte og vidare spreiing av koronavirus. Dette gjer vi for å ivareta både kundar og tilsette.

Kvinnherad Breiband har inntil vidare stoppa all installasjonsarbeid/feilretting som medfører kontakt med kundar. 

Vi ber om ekstra tolmodigheit frå kundane våre, og vil gjere det vi kan for å feilrette, svare på spørsmål og bistå med hjelp via telefon.

Kundemottaket vårt i Dimmelsvik er også stengt for personleg frammøte.

Vi følger helsemyndighet (fhi.no) og kommunen si rettleiing for våre medarbeidar, og skal gjere det vi kan for å stoppe smitte/spreiing av koronavirus.  Det er for tida vanskeleg å få tak i verneutstyr som kan tillate heimebesøk innanfor forsvarlege og anbefalte rammer.

For å begrense risiko for feil på eige utstyr og behov for feilretting oppmodar vi om å ta enkle forhandsreglar:

  • La utstyr som heimesentral/tv-dekoder stå mest mogleg beskytta
  • Ikkje prøv å flytte på heimesentral i samband med oppussing og liknande
  • Graving der det befinn seg fiber infrastruktur bør utsetjast – minimer risiko for skade.
  • Ta kontakt med vårt kundesenter/vakttelefon for råd

Her sit personal som kan utføre feilretting “remote” (via telefon/pc) og teknikarar som er klare til å bistå på best mogleg måte ved behov.

Vi oppmodar alle våre fantastiske kundar til å vere fleksible, lærevillige, lydhøyre og kreative – det vil då vere lettare å løyse det av utfordringar som kan dukke opp.

Vårt kundesenter er ope på telefon 53475640 frå kl. 07:30 – 15:00 kvardagar.

Du når oss på vakttelefon 53475670 etter kl. 15:00, helg/heilagdagar. 

Helsing,
Kvinnherad Breiband