Fakturaspørsmål, purring eller inkassovarsel?

Vi har skif­ta fak­turasys­tem i mai 2024.
I sam­band med dette er det ein del kun­dar som har fått slet­ta gam­mal avtale­giro som gjekk mot tidle­gare kon­ton­um­mer.
Det er sendt ut sms varsel til alle kun­dar med avtale­giro, både i mai og med oppføl­ging i juni.
Der­som du ikkje har mot­teke sms bør du ta ein sjekk om vi har reg­istr­ert rett mobil­num­mer.

I ein trav­el kvardag er det forståe­leg at mange ikkje har fått med seg dette, og difor diverre kan ha mot­teke purring i frå oss.
Purring blir 14 dagar etter opprin­ne­leg for­falls­da­to, og deretter inkasso­varsel (30 dagar etter for­falls­da­to).
Der­som du ynskjer avtale­giro kan du enkelt opprette dette igjen via net­tbanken din.
Dette må opret­tast på nytt då det går mot nytt kon­ton­um­mer.
Du etablerer det ved bruk av KID og kon­ton­um­mer som du finn på fak­tu­raen din.
Der­som du har aktivert for efak­tu­ra vil betal­ingskravet fun­gere saum­laust også i nytt sys­tem.

Merk! Det er kun ved aktiver­ing av ny avtale­giro du må fore­ta deg noko aktivt.

Har du spørsmål så ta gjerne kon­takt med vårt kun­de­sen­ter på tele­fon 53475640, eller send oss ein e‑post til post@kband.no.

Vi svar­er så raskt vi kan, men det kan ta litt lengre tid enn nor­malt grun­na ferieavvikling og stor pågang i sam­band med over­gang til nytt økonomisys­tem.

Vi er her for å hjel­pa, så ikkje nøl med å ta kon­takt med oss.

Våre opn­ingstider er alle kvarda­gar frå kl. 8 — 15.