Kvinnherad Breiband får mange spørsmål om bruk av “mi side” på www.kband.no og kva du kan gjere der. Dersom du ikkje nyleg har laga deg brukar til innlogging anbefalar vi deg å gjere det allereie i dag. Du går på kband.no, trykjer på meny, så ser du mi side på høgre side og trykkjer på den. Du trykkjer så på “registrer bruker”.
Vidare legg du inn ditt kundenr og pin kode (dette står på faktura frå Kvinnherad Breiband).
Du legg deretter inn ei e‑post adresse og nytt passord x 2. Du har då registrert ny brukar til innlogging på vår heimeside.
Du mottek deretter ein e‑post som ber deg bekrefte ny brukar.
Kvifor “MI SIDE”?
Ved innlogging på “mi side” får du ein fullstending oversikt på ditt abonnement hjå Kvinnherad Breiband.
Du kan hente ut fakturakopi og sjå kva produkt og tenester du betalar for.
Du kan og endre mobilnummer og epost dersom dette ikkje stemmer. Adresse og andre opplysingar må du melde endring på ved å sende oss epost til post@kband.no.
TV frå TELIA gir rom for fleksibilitet
Dersom du har TV frå TELIA kan du også administrere dine kanalar via eigen “kanalveljar”.
Her kan du administrere din eigen kanalpakke. Dette er kostnadsfritt.
Logg deg inn på “mi side” og velg deretter kanalvelger oppe til høgre.
Du kjem deretter inn til valgmenyen som ser slik ut:
Døme på innloggingsbilete (varierar avhengig av kva tv-pakke du har):
Du har oversikt på faste kanalar og valgt innhald under fanene:
Under fana “Valgt innhold” kan du sjølv velge innhald inn og ut av din eigen kanalpakke, då innanfor det antal poeng du har i tv pakken din.
Dersom du har TV TELIA 50 poeng har du 50 poeng totalt i tv-pakken din.
Utvidar du pakken til TV TELIA 110 poeng har du 110 poeng totalt i tv-pakken din, og endå meir innhald tilgjengeleg under “valgt innhald”. Du kan velje innhald inn og ut av tv-pakken akkurat når du måtte ynskje det, utan ekstra kostnad.
Lurer du på noko?
Ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640.
Her er ope alle kvardagar mellom kl. 08–15.