Get TV hjå Kvinnherad Breiband

Kvinnher­ad Breiband tilbyr TV frå Get når du er fiberkunde hjå oss.
Er du allereie Get-kunde hjå oss har du fleire moglegheit­er enn du kan­skje vis­ste om.

Kva kan du få i tv-pakken din, eigentleg?

  • Du har moglegheit til å byte kanalar og kanal­pakkar i det abon­nementet du allereie har, dette kallar vi “fritt kanal­val”.
    Dette kan du gjere via «mi side» på www.kband.no der log­gar du deg inn med kun­de­num­mer og pin-kode som du finn på fak­tu­ra frå oss. 
  • Du har til­gang til film­leige, også ein del gratis film, det er berre å trykkje på “film-knap­pen” på fjernkon­trollen din, så finn du eit stort utval. 
  • Du har til­gang til å strøyme innhaldet ditt via PC, mobil, net­tbrett eller Apple-TV.  Då har du TV tilgjen­ge­leg når du ynskjer så lenge du har til­gang til inter­nett, til dømes på gjes­terom, på hyt­ta, eller der­som du har barn på hybel eller du er på reise. 
  • Der­som du ynskjer eit større utval i kanalar med til dømes HBO kan du opp­gradere til Familepakken som har 110 poeng, mot 50 som er i TV Grun­npakke. Denne kan du opp­gradere til sjølv med fjerkon­trollen frå eigen Get-boks, eller ved å ta kon­takt med oss.  Les meir om pakkane her

Gjer gjerne ei oppdag­ingss­reise i det gode tilbodet du har frå Get, ta gjerne kon­takt med oss om du ynskjer å vita meir om alle dine moglegheit­er.

Ny tv-platform – den nye tv opplevinga!

Har du vore tv-kunde hos oss lenge og er klar for “den nye tv opplevin­ga” på ny tv-plat­form? Get har lansert sin nye dekoder – kalla Get boX.  Fil­mar og seri­ar er lettare tilgjen­ge­leg og er enklare å finne fram i enn før, ved bruk av Get boX. Du får og til­gang til veke­sarkiv på ein del pro­gram, og kan sjå det du vil når du vil – flek­si­biliteten er her veldig stor.  

Get boX gir deg:

  • Pro­gramguide for kva som går på TV no og sju dager fram i tid
  • Gå inntil eit døgn tilbake i guiden og sjå det du ikke fikk sett eller tatt opp
  • Per­son­lege anbe­falinger basert på det du pleier å sjå
  • Moglegheit for 500 timar med opp­tak (sky­la­gring) til kr 99 pr mnd

Du kan og abon­nere på opp­tak i sky om du ynskjer dette, du treng då ikkje eigen dekoder med opp­tak. 

Vi tilbyr ein opp­grader­ingspakke der vi opp­garder­er lin­ja di og tek den gam­le Get-dekoderen i byte mot den nye Get­boX.
På Get boX kan du sjå TV som før i til­legg til at du kan bruke tusen­vis av App-ar til å sjå NRK, Net­flix, Viaplay og andre strøymeten­ester, alt via same fjernkon­trol­l/tv-dekoder.

Ynskjer du å opp­gradere til ny tv-plat­form kan du sjå pris­ar for opp­grader­ing og over­sikt her.

Bli tv-kunde utan dekoder 

Er du ein av dei mange som ser TV via strøymeten­ester?
No kan du og bli Get-kunde utan dekoder!
Som Get-kunde har du til­gang til alle dei mest van­lege TV-kanalane, HBO, gratis film og film­leige. 

Du kan og vel­je å bruke Get som rein strøymeten­este og bruke din eigen Apple-TV, Chrome­cast eller PC til å sjå TV på.

Ta gjerne kon­takt med oss om du ynskjer meir infor­masjon.