PSSSST!
Vi ville følge opp telefonoppringinga frå tidlegare i haust, og informere om at utstyret no er klart til henting.
Vi sendte deg ein e‑post 21.10.24 og ny oppfølging 13.12.24.
Sidan du ikkje har respondert kan det hende at det er e‑post adressa di som er feil/utdatert i våre kundesystem. Du kan enkelt endre e‑post adressa di ved å logge inn på “mi side”. For aktivering av ny brukar her (om du ikkje har vore innlogga sidan mai 2024, då fekk vi ny innlogging) brukar du mobilnr som brukarnamn og mottek ein sms. Veiledning finn du her.
Så over til det det som er gøy og som vi håpar du vil setja pris på!
Kampanjepris og oppfølging av abonnement
Tusen takk for at du tidlegare i haust takka ja til kampanjetilbodet som vi tilbyr nokre av våre trufaste og kundar. Kampanjen inkluderer “full pakke” med ei solid internett linje, TV frå Telia og oppgradert WIFI.
Ny pris
Vi bekreftar at dykkar abonnement vil bli oppgradert til Fiber 500, TV Telia 50 poeng og KB trådlaust (WIFI) til kampanjepris på kr 998 pr månad, med aktivering i frå 01.01.25 (eventuelt 01.02.25 om du treng januar på å hente utstyr). Du sparer kr 200 pr månad gjennom heile kampanjeperioden.
Kva tid skjer endringa i kontrakten?
Fortvil ikkje om du ikkje har fått henta WIFI utstyret.
Sidan du ikkje har fått henta utstyret endå og det straks er jul kan vi utsetje aktivering av avtalen frå 01.02.25, med bindingstid til 31.01.2026. Du får då same gode pris, med oppstart ein månad seinare, men totalt i 12 månader.
Om du vil ha det på plass innan årsskiftet må utstyret hentast 23.12, 27.12 eller 30.12 (vi har ope frå kl. 8:00 — 15:00 desse tre dagane).
Det er ein tv-dekodar inkludert i kampanjeprisen, så dersom du har fleire så er pris per ekstra tv-dekodar kr 49 pr månad.
Mange av våre tv-kundar nyttar også eigen APPLE TV, Chromecast eller TeliaPlay-appen direkte på sin smart tv. Her er mange moglegheiter.
KB Trådlaust — den gode surfeopplevingaSidan du er ny kunde på WIFI som vi kallar for «KB trådlaust» (kr 99 pr månad inkl. i kampanjeprisen) treng du også litt nytt utstyr.
MERK!
Utstyret (to ruterar) er klargjort for henting i Heiamyro 3A, på Husnes. Vi kan også leggja ut utstyret i hentekasse om det er lettare for deg. Då må du sende oss ein e‑post til post@kband.no.
Etter bindingstida – år 2026
Dersom du ynskjer endringar i abonnement etter bindingstida, kan du kontakte oss på post@kband.no.
Pris etter kampanjeperioden vil følgje den gjeldande prislista for 2026.
Har du andre aktive produkt frå oss, kan du sjå oversikt på prisar i prislista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål. Takk for at du er kunde hos oss.
Helsing,
Din lokale breibandsleverandør.
Global oppleving. Lokal service.