Utbyggjing av fiber

Kvinnherad Breiband har no bygd fiber til store delar av kommunen og alle sentrale delar av kommunen er tilnærma ferdig utbygd.
Per i dag har vi ein utbygningsprosent på heile 99 % og 78 % marknadsandel.

Det står att nokre få utkantområder som dels ligg avsides og dels er svært grisgrendt, samt nokre avgrensa områder i meir sentrale strøk. Felles for desse områda er at dei er særs kostnadskrevjande å byggja fiber til, og det vil ta mange år før alt er på plass, samt vil det forutsette anleggsbidrag frå kunde i kombinasjon med offentleg stønad.
Samla kostnad for gjenståande utbygging er kostnadsrekna til 8- 10 mill. 

Påmeldingar til dei ulike prosjekta kan vera med og påverka kva områder vi byggjer først. Nokre av prosjekta er imidlertid slik at det føreset at anna prosjekt må byggjast før ein kan settja i gang.

Påmelding til alle prosjekt kan du som privatkunde gjera her.

  • Kvinnherad Breiband sitt styre har vedteke ei øvre grense for utbyggjing på kr 22.000,- eks mva pr kunde i nye områder.
    Kostnad utover dette må dekkjast inn av offentleg tilskot / anleggsbidrag frå kunde.
    Det kan eksempelvis vere prosjekt der vi er avhengig av offentleg stønad/høg oppslutning av bestillingar (og liknande) for å kunne setje i gong med.
  • Fortetting i allereie utbygde områder har ei vedteken maksgrense på kr 12.500 eks mva pr kunde.
    Anleggsbidrag vil variere, avhengig av kostnad i samband med dei ulike prosjekta/nye kundane.

Alle kundar som bestiller fiber hjå Kvinnherad Breiband får alltid tilbakemelding dersom det påløper høgare kostnad, enn den som til eikvar tid er oppgitt i prislista.

Nedafor har vi laga ein oversikt over status for fiber i dei ulike bygdene, og sjølv om det beskrive at alle kan få fiber så er det fortsatt utkantar som det vert krevd fleire bestillingar og eventuelt anleggsbidrag før vi kan setja i gang utbygging.

Utbyggjingsoversikt.

Gjenståande utbyggjingsområder 2018- 2022

OmråderPlanlagt oppstartPlanlagt ferdigstilling
2018 - 2022
GangstøUkjent
Rustene HusnesUkjent
SkorpoUkjent
BaugstrandaUkjent
Helland (Husnes) Ukjent
StabburshaugenUkjent
Snilstveitøy Ukjent