Treng du hjelp til å søke opp fiberkabel før graving?

Publisert

Kvinnherad Breiband er no 99 % utbygd i Kvinnherad Kommune, noko som betyr at det er mykje verdifull fiber i mange grøfter, hagar, traséar og liknande.

Skal du grava og er usikker på kor fiberen går ber vi deg ta kontakt med oss for å søke opp fiberkabelen.
Vi har eige utstyr og dokumentasjon som gjer at vi kan påvise kor fiberen ligg i mange områder.

Dei siste åra har vi i aukande grad opplevd å få skade på eigen fiber.
Dette er særs ugunstig for våre kundar av omsyn til nedetid på tenester. I tillegg kan det medføre faktura for skadevoldar, noko som i mange tilfeller er særs uheldig.

Vi oppmodar alle som er usikker på lokalisering av fiberkabel til å ta kontakt med oss for påvising, slik at vi kan bistå når og dersom det trengs.

Global oppleving. Lokal service.