TEKNOLOGISKIFTE I KVINNHERAD BREIBAND

Publisert

I veke 28 vil Kvinnherad Breiband ta steget inn i ei ny «teknologiverd».

Selskapet startar då på ei omfattande oppgradering som består av ei totalutskifting av noverande nettverk- og driftssystem. Vi startar med utskifting av alt teknisk utstyr i vår node på Korsnes i Uskedalen. Korsnes-noden er fysisk nær vårt kontor i Dimmelsvik, og har elles eit gunstig antal kundar i samband med oppstart.

Kvinnherad Breiband har allereie testa teknologien i fleire månader, og har per i dag 15 kundar som nyttar denne teknologien. Testinga har vore teknisk krevjande, lærerik og spanande for både kundar og teknisk personell gjennom ein lengre periode.

Kvinnherad Breiband gjorde i vinter eit strategisk val for å få endå betre kontroll på eiga verdikjede og breibandstenester, og beslutta difor å verta ein sjølvstendig operatør.
I denne samanheng vurderte vi fleire løysingar og partnarar, og valet enda på NetNordic som vår teknologi- og kompetansepartner.

Etter godkjenning av prosjektet vil vi snarast råd gjennomføre utskifting av utstyr i alle våre 45 nodar, spreidd utover heile Kvinnherad. Prosjektet vil gå over omlag 1 år. Den nye Huawei -teknologien vil no kunne gi Gigabit kapasitetar, dagens løysing har ikkje desse moglegheitene. Kvinnherad Breiband har som målsetjing å gje den aller beste kundeopplevinga til konkurransedyktige prisar. Vi lever i dag i eit teknologi-og internettavhengig samfunn i stadig utvikling. Denne oppgraderinga vil vere særs viktig for våre kundar og for Kvinnherad Breiband i åra framover.

Korleis merkar kundane dette?
I samband med sjølve omkoplinga vil kundane vere utan tenester i ein kort periode.
Alle som blir kobla om vil få sms med dato/klokkeslett og evt. anna informasjon som er relevant for å få tenestene til å fungere att alle må (restart eigne trådlause aksesspunkt/router og nokre må restarte tv-dekoderen sin). Vi tek atterhald om uforutsette hendingar under utrullinga.

Det vil for ein del kundar som er kobla på heimesentral av typen «allied telesys» vere naudsynt å nytte eigen router for trådlaust nett. Aksesspunkt vil fungere lite tilfredsstillande ved fleire brukarar samstundes. Les meir om dette under fana «support» på vår heimeside.

Våre tilsette er tilgjengelige på vårt kundesenter kvardagar frå kl. 07:30 – 15:00 (tlf 53475640) og på vakttelefon etter kl. 15:00 heile døgeret (tlf 53475670), og skal gjere det vi kan for at dette skal gå så smidig som mogleg.

Gunnar i stolpe