Oppgradering av teknisk utstyr – Valen/Klubbavikjo

Publisert

Måndag 2.(Klubbavikjo) og tysdag 3. oktober (resterande kundar på Valen) skal vi oppgradere alt av teknisk utstyr i Valen-nodane våre.


Node = teknisk hytte der alle våre kundar fysisk er kobla opp for å få fibertenester frå Kvinnherad Breiband. 

Kvinnherad Breiband er i full gong med ei omfattande oppgradering som består av ei totalutskifting av noverande nettverk- og driftssystem.
Nodane på Valen er nr 3 og 4 i rekkja av totalt ca. 30 nodar i heile nettet vårt, som skal oppgraderast til “ny nodeteknologi”.

Kvinnherad Breiband gjorde i vinter eit strategisk val for å få endå betre kontroll på eiga verdikjede og breibandstenester, og beslutta difor å verta ein sjølvstendig operatør.
I denne samanheng vurderte vi fleire løysingar og partnarar, og valet enda på NetNordic som vår teknologi- og kompetansepartner.

Prosjektet vil gå over omlag 1 år. Den nye Huawei -teknologien vil no kunne gi Gigabit kapasitetar, dagens løysing har ikkje desse moglegheitene.
Kvinnherad Breiband har som målsetjing å gje den aller beste kundeopplevinga til konkurransedyktige prisar både no og i framtida.
Vi lever i dag i eit teknologi-og internettavhengig samfunn i stadig utvikling. Denne oppgraderinga er viktig for at vi skal kunne tilby gode og stabile tenester i åra framover.

Korleis merkar kundane dette?
I samband med sjølve omkoplinga vil kundane vere utan tenester i ein periode, mellom kl. 08:00 – 15:00 (ca. 1 – 3 timar), den 2. oktober for kundar i Klubbavikjo og 3. oktober for øvrige av våre kundar på Valen.
Vi tek atterhald om uforutsette hendingar under utrullinga.
Dersom tenestene ikkje fungerer etter omkobling vil det normalt vere nok med ein omstart (slå av/på straum) på heimesentral, ruter og tv-dekoder.

Tilleggsinformasjon for dei av våre kundar som har “Allied telesys” heimesentral
Vi har ca.1500 kundar som i dag har denne type heimesentral, dvs. “allied telesys”.Alle som har eige trådlaust nett/wifi må notere seg at det er vesentleg å bruke ruter (ikkje aksesspunkt).

Ruter
Dersom du har ein ruter skal nettet ditt fungere heilt fint etter at du er kobla over på ny nodeteknologi (kan av og til krevje omstart).

Aksesspunkt
Aksesspunkt har ingen wan/internettport, men som regel berre 2 eller 4 lanportar.
For dei av våre kundar som har aksesspunkt vil det vere naudsynt med utskifting av trådlaust utstyr, dvs. å gå til annskaffelse av ein ruter.
Eit aksesspunkt vil ikkje fungere tilfredsstillande i kombinasjon med ny nodeteknologi, på ein allied telesys heimesentral.

Årsaka til at aksesspunkt ikkje vil fungere tilfredsstillande er måten systemet vil dele ut ip-adresser.  Ip-adressene knytter kundane mot internett. Det vil bli delt ut to ip-adresser pr husstand. Ei ip-adresse går då til din allied telesys heimesentral, og den andre til eininga ein koplar i allied telesys heimesentral.
Du vil då vere avhengig av ruter, ettersom det normalt er mellom 5 – 15 einingar pr husstand (mobilar, datamaskinar, smart-tv, etc.). Ruteren må setjast opp med dhcp, som betyr at ruteren deler ut ip-adresser til alle einingar i husstanden som vil koble seg mot internett. Denne funksjonaliteten vil diverre ikkje eit aksesspunkt ha. 

Dersom du har ruter som er omgjort til aksesspunkt
Ein ruter som er omgjort til aksesspunkt har deaktivert wan/internettport og er kopla frå vår heimesentral (allied telesys) til ein av Lan-portane.
For å gjere om aksesspunkt til ruter må du gjere fylgjande;
Flytt leidning frå lan til wan/internett. Hald inne resettknapp til alle lys forsvinn og byrjar å blinke. Ruter blir då satt tilbake til fabrikkinnstillingar.
Alt. 1 Brukarnavn/passord: Blir det same som opprinneleg om det er satt frå før, det står då trykt på ruteren. Test med å søke opp og logge på via pc eller mobil.
Alt. 2 Brukarnavn/passord  Dersom den ikkje er satt opp frå fabrikk er den heilt open utan krav om påloggingspassord.
Dette må du som kunde eventuelt sette opp sjølv, men ruteren skal virke heilt fint (vi anbefaler alle å ha passord på sitt eige private trådlause nett).

Bileta viser eksempel på korleis ein allied telesys heimesentral ser ut;

 

Kort oppsummert 
For dei av våre kundar som i dag nyttar aksesspunkt vil det vere nautsynt å investere i ein ny ruter.
Vi kan også hjelpe kundar med naudsynt tilpassing (dvs. gjere om aksesspunkt til ruter) her på kontoret i Dimmelsvik,  hugs å lage avtale med oss før du kjem innom.

Generelle tips i forhold til trådlaust nett
Bruksmønsteret til folk flest har endra seg mykje dei siste åra. Har du Apple-TV, tre telefonar, fleire pc-ar, og elles smarte duppedittar kobla til internett, er du heilt avhengig av ein ruter som taklar dette.
Internetthastigheita blir aldri betre enn det svakaste leddet. Dersom du til dømes bur i eit stort hus og har fleire born som gamer, stremaer i høg oppløysing og har mange einingar kobla til internett, har du mest truleg behov for ein heilt anna ruter enn nokon som bur i mindre leilighet åleine.
Det har vore ei forrykande utvikling dei siste åra, har du ein ruter som er eldre enn 2-3 år kan du vere viss på at den har begrensningar.
For tips og råd kring kva utstyr som passar deg og din familie sitt bruksmønster anbefaler vi deg å ta kontakt med lokale leverandørar som Power og Elkjop for råd. Dei sel trådlaust utstyr tilpassa ditt ynskje og behov.

Les også meir og tips og råd kring trådlaust nett her.

Vårt kundesenter vil ha utvida opningstid begge desse dagane, frå kl 07:30 – 18:00 (normalt ope til kl. 15:00) på
tlf 53 47 56 40.

      

Ta kontakt med oss om du har spørsmål!