Oppgradering av ny nodeteknologi for deg med “allied telesys” heimesentral (ruter/aksesspunkt)

Publisert

Tysdag 12. september oppgraderte vi noden vår i Neslia, onsdag 2. og 3. oktober er det alle våre kundar på Valen som skal på ny nodeteknologi.
I samband med dette er det ein del informasjon som alle våre kundar bør lese.

Tilleggsinformasjon for dei av våre kundar som har “Allied telesys” heimesentral
Vi har ca.1500 kundar som i dag har denne type heimesentral, dvs. “allied telesys”.Alle som har eige trådlaust nett/wifi må notere seg at det er vesentleg å bruke ruter (ikkje aksesspunkt).

Ruter
Dersom du har ein ruter skal nettet ditt fungere heilt fint etter at du er kobla over på ny nodeteknologi (kan av og til krevje omstart).

Aksesspunkt
Aksesspunkt har ingen wan/internettport, men som regel berre 2 eller 4 lanportar.
For dei av våre kundar som har aksesspunkt vil det vere naudsynt med utskifting av trådlaust utstyr, dvs. å gå til annskaffelse av ein ruter.
Eit aksesspunkt vil ikkje fungere tilfredsstillande i kombinasjon med ny nodeteknologi, på ein allied telesys heimesentral.

Årsaka til at aksesspunkt ikkje vil fungere tilfredsstillande er måten systemet vil dele ut ip-adresser.  Ip-adressene knytter kundane mot internett. Det vil bli delt ut to ip-adresser pr husstand. Ei ip-adresse går då til din allied telesys heimesentral, og den andre til eininga ein koplar i allied telesys heimesentral.
Du vil då vere avhengig av ruter, ettersom det normalt er mellom 5 – 15 einingar pr husstand (mobilar, datamaskinar, smart-tv, etc.). Ruteren må setjast opp med dhcp, som betyr at ruteren deler ut ip-adresser til alle einingar i husstanden som vil koble seg mot internett. Denne funksjonaliteten vil diverre ikkje eit aksesspunkt ha. 

Dersom du har ruter som er omgjort til aksesspunkt
Ein ruter som er omgjort til aksesspunkt har deaktivert wan/internettport og er kopla frå vår heimesentral (allied telesys) til ein av Lan-portane.
For å gjere om aksesspunkt til ruter må du gjere fylgjande;
Flytt leidning frå lan til wan/internett. Hald inne resettknapp til alle lys forsvinn og byrjar å blinke. Ruter blir då satt tilbake til fabrikkinnstillingar.
Alt. 1 Brukarnavn/passord: Blir det same som opprinneleg om det er satt frå før, det står då trykt på ruteren. Test med å søke opp og logge på via pc eller mobil.
Alt. 2 Brukarnavn/passord  Dersom den ikkje er satt opp frå fabrikk er den heilt open utan krav om påloggingspassord.
Dette må du som kunde eventuelt sette opp sjølv, men ruteren skal virke heilt fint (vi anbefaler alle å ha passord på sitt eige private trådlause nett).

Bileta viser eksempel på korleis ein allied telesys heimesentral ser ut;

 

Kort oppsummert 
For dei av våre kundar som i dag nyttar aksesspunkt vil det vere nautsynt å investere i ein ny ruter.
Vi kan også hjelpe kundar med naudsynt tilpassing (dvs. gjere om aksesspunkt til ruter) her på kontoret i Dimmelsvik,  hugs å lage avtale med oss før du kjem innom.

Generelle tips i forhold til trådlaust nett
Bruksmønsteret til folk flest har endra seg mykje dei siste åra. Har du Apple-TV, tre telefonar, fleire pc-ar, og elles smarte duppedittar kobla til internett, er du heilt avhengig av ein ruter som taklar dette.
Internetthastigheita blir aldri betre enn det svakaste leddet. Dersom du til dømes bur i eit stort hus og har fleire born som gamer, stremaer i høg oppløysing og har mange einingar kobla til internett, har du mest truleg behov for ein heilt anna ruter enn nokon som bur i mindre leilighet åleine.
Det har vore ei forrykande utvikling dei siste åra, har du ein ruter som er eldre enn 2-3 år kan du vere viss på at den har begrensningar.
For tips og råd kring kva utstyr som passar deg og din familie sitt bruksmønster anbefaler vi deg å ta kontakt med lokale leverandørar som Power og Elkjop for råd. Dei sel trådlaust utstyr tilpassa ditt ynskje og behov.
Les også meir og tips og råd kring trådlaust nett her.

Måndag og tysdag (2. og 3. oktober) er vårt kundesenter ope  frå kl. 07:30 – 18:00, på tlf 53 47 56 40.

Vårt kundesenter er elles ope kvardagar frå kl. 07:30 – 15:00.