Våre eigarar

Kvinnherad Energi AS

Kvinnherad Energi AS er eigd av Kvinnherad Kommune og driver med kraftomsetnad, kraftproduksjon og drift av straumnett. Vi dekker deler av Kvinnherad Kommune og deler av Kvam Herad, har ca 6.500 nettkundar og er 29 tilsette. Administrasjonsbygget ligg i Dimmelsvik, ca 5 km frå Rosendal.

Kvinnherad Energi AS eig 80 % av Kvinnherad Breiband, dei restrerande 20 % er eigd av Fjelberg Kraftlag SA.

Kvinnherad Kraftverk ble etablert i 1919, og ble omdanna til aksjeselskapet Kvinnherad Energi AS i 1993.

Årsrapportar for selskapet finn du her.

Image result for kvinnherad energi logo eit kraftsenter for kunden og samfunnet

Fjelberg Kraftlag SA

Fjelberg Kraftlag SA ligg i Kvinnherad kommune og er eit samvirke.
Det vart skipa som eit partlag 10. mars 1947 men vart 01.06.2009 registrert som samvirkelag.
Medlemene er fastbuande og næringsdrivande som er tilknytt laget sitt fordelingsnett.
Du finn dei i Bjoaneset næringspark på Halsnøy.

Fjelberg Kraftlag eig fordelingsnettet og har ansvar for kraftforsyning i området som tidlegare var Fjelberg kommune og som omfattar Halsnøy, Borgundøy, Fjelbergøy og Valen.
I tillegg driv eig dei 20 % av aksjane i Kvinnherad Breiband.

Årsrapportar for selskapet finn du her.