Sponsorarbeid

Vi satsar i Kvinnherad Kommune, og sponsorobjekta sin profil skal vere for folk flest.
Vi satsar på breidde framfor smale målgrupper og lag framfor enkelt utøvarar. Born og unge er ei viktig målgruppe for vår sponsing.

Kvinnherad Breiband ynskjer å vere ein engasjert sammfunnsaktør i kommunen, og vi brukar sponsing som verkemiddel for å nå dette målet.

Tre viktige mål i sponsorarbeidet

  • Merkevarebygging
  • Kundepleie
  • Lagåndbygging

I hovudsak går stønadene til

  • Lag og organisasjonar med fokus på heile Kvinnherad
  • LAN party (tilbod om gratis internett og god linjekapasitet)
  • Større kulturarrangement lokalt

Kvinnherad Breiband sponsar ikkje

  • Klubbar, organisasjonar utanfor Kvinnherad Kommune
  • Politiske eller religiøse føremål
  • Reiseverksemd
  • Enkeltpersonar eller private føremål

Slik kan du søke om sponsor stønad frå Kvinnherad Breiband

Skriv ein søknad til oss som inneheld informasjon om:

  • Kva organisasjonen driv med og kontaktinformasjon
  • Kva beløp de søkjer om
  • Korleis de vil nytte den støtta de søkjer om frå oss
  • Korleis de ser for dykk eit samarbeid med Kvinnherad Breiband skal vere
  • Kva for betydning samarbeidet vil ha for organisasjonen og Kvinnherad Breiband
  • Framtidige mål for organisasjonen

Alle søknader med eventuelle vedlegg skal sendast elektronisk til: post@kband.no

Søknadsfrist: fortløpande

Har du spørsmål, kontakt dagleg leiar Gunnhild N. Hillestad på telefon 40 45 53 80.

Søknad om støtte til LAN
Vi bidreg primært med høge hastigheiter til små og store LAN som blir arrangert der vi har fiberbreiband frå før.
Vårt ynskjer er at alle deltakarar skal få den beste online opplevinga!

Førespurnad om gåver til basar
Førespurnad om gåver til basar kan rettast direkte til kundesenter på telefon 53 47 56 40 eller e-post til post@kband.no.