Nyhende frå Kvinnherad Breiband

Publisert

Vi har passert 4145 kundar med god margin, og ser no fram til å fortsetje fortettingsarbeidet rundt om i heile Kvinnherad. Vi har ein dekningsgrad på 99 % og ein marknadsandel på 78 %.
Det straumer på med bestillingar frå heile kommunen, og kva er vel betre enn det? Vi er godt i gang med 2018 og ynskjer i samband med det å skrive litt om det vi jobbar med.

INTERNETT

Vi er i full gang med oppgradering av alle våre sentralar til ny teknologi. Alle sentralar vert bytta ut, og vi kan etter kvart levere høgare hastigheiter enn det som har vore mogleg til no. Samstundes vil sentralane våre få ny backup på straumsida med større sikkerheit ved straumbrot og spenningsvariasjonar i nettet.

Per i dag er kring 50 % av våre kundar kobla over på “ny nodeteknologi”. Det er berekna at dette arbeidet skal vere heilt ferdig innan utgangen av 4. kvartal 2018.  Alle kundar blir varsla med sms i forkant av kvar omkopling og vi gjennomfører omkobling frå bygd til bygd.

TRÅDLAUST NETT 

Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring.
Har du smart-tv, streamer du musikk, eller ser borna på youtube? Godt trådlaust utstyr er då avgjerande.

# 1 Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet.

# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.

# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.

# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det lønne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.

# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.

# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53 47 56 40 (ope frå kl. 07:30 – 15:00) alle kvardagar.
Vår e-post adresse er post@kband.no.

# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.

Kvinnherad Breiband sine Lett på nett # 1 og # 2.

PRISREDUKSJON PÅ HØGARE HASTIGHEITER

Kvinnherad Breiband ynskjer til ei kvar tid å marknadstilpasse prisar, produkt og tenester.

Ny prisstruktur på internett frå 1. mai finn du i tabellen under;

Produkt

Månadspris

Same produkt med nytt namn

Ny månadspris frå 1. mai

Fiber 100

499 kr

Fiber normal (50/50 mbps)

499  kr

Fiber 150

599 kr

Fiber medium (75/75 mbps)

599  kr

Fiber 200

699 kr

Fiber large (100/100 mbps)

649  kr

Fiber 400

999 kr

Fiber XL1 (200/200 mbps)

749  kr

Fiber 800

1299 kr

Fiber XL2 (400/400 mbps)

1049 kr

Fiber 2000

1599 kr

Fiber XL3 (1000/1000 mbps)

1599 kr


TV FRÅ GET

Vår TV-leverandør Get har kome med mange nyhende det siste året, og vi ser at fleire og fleire tar i bruk Get sine løysingar med streaming, der du kan ha abonnementet med deg på mobil, nettbrett, PC eller AppleTV innafor Noregs grenser.  Så lenge du har nettilgang kan du nytte deg av abonnementet der du er, du kan og dele det ut til «studenten» din eller bruke det på hytta, eller på eit rom der du ikkje har kabel til TV-dekoder.

Vil du lese meir om Get tv-app til streaming så kan du sjå her.

 

TELEFONI

Vi har framleis mange kundar som vel fasttelefon frå oss, og det er eit produkt som vi framleis tilbyr.  Mange stader i Kvinnherad er det ikkje gode forhold for mobil, då er fasttelefon frå oss eit godt supplement.  Vi har tilbyr telefoni til prisar frå 39,- til 199,- per månad.

 

PERSONVERN

Kvinnherad Breiband AS  fokuserar på å ivareta og beskytta våre kundars personvern. Vi behandlar personopplysningar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande lovgivning, herunder i samsvar med personopplysningsloven og personopplysningsforskriften. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som kunde. (For vår fullstendige personvernerklæring klikk her).

PERSONALIA

Har du oppdatert personalia med rett informasjon?

Som din internett, tv og telefoni leverandør er vi avhengig av dialog med deg som kunde frå tid til annan.
Vi sender ut viktig informasjon om vedlikehald av system, oppdateringar, kampanjar, nyhender, status prosjekt, med meir.

Vi håpar at du har tid til eit par minuttar med oppdatering av relevant informasjon som mobilnummer, e-postadresse, adresse, og liknande.

For å oppdatere dette kan du logge deg inn på vår heimeside (øverst til høgre her).

Innlogging Kband

Manglar du kundenummer og pin-kode? Denne informasjonen finn du på fakturaen frå Kvinnherad Breiband.

Du kan også ta kontakt med oss på telefon 53 47 56 40 (ope frå kl. 07:30 – 15:00 kvardagar).

MARKNADSUNDERSØKJING

Om kort tid vil du motta ei marknadsundersøkjing frå Kvinnherad Breiband.
Vi håpar du tar deg til til å svare på denne, slik at vi kan forbedre oss på ulike nivå.

GLOBAL OPPLEVING. LOKAL SERVICE.