Velkomstinformasjon

Velkomen som ny kunde i Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Breiband ynskjer deg velkomen som ny kunde hjå oss og vi håpar du blir nøgd med dei tenestene du no kan ta i bruk.
Internett
Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du lynraskt internett.
Gjeldande prisar og bandbreidde finn du på vår heimeside www.kband.no. Vi tilbyr ulike båndbreidder tilpassa behov.
Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du lynraskt internett – så raskt at store filer blir lasta ned på få sekund. Du er online heile døgeret og du kan surfa så mykje du vil utan av det kostar deg noko ekstra.
Det blir noko heilt nytt å lagra og senda bilder. Ferieminner kan delast med familie og vener på sekund. Du treng ikkje lenger vente på å lasta ned bileter du sjølv mottek, eller musikk du vil høyra på.
Internett har forandra seg enormt dei siste åra, og stadig større filer blir sendt over nettet.
Vi brukar internett og vår eigen pc meir og meir som ein underhaldningsboks på lik linje med stereoanlegget og TV-apparatet. Dette krev endå meir av internettsambandet ditt.
Desse hastigheitene kan vi tilby, til fylgjande månadsprisar:
Fiber normal 50/50 Mbps – kr 499
Fiber medium 75/75 Mbps – kr 599
Fiber large 100/100 Mbps – kr 649
Fiber XL1 200/200 Mbps- kr 749
Fiber XL2 400/400 Mbps- kr 1049
Fiber XL3 1/1 Gbps- kr 1599
Fiber Fritid 15/15 Mbps – kr 399
Sørg for at du har det beste til deg og din familie!
TV frå Get
Kvinnherad Breiband leverer tv i samarbeid med vår GET partnar. Vi tilbyr fritt kanalval (veiledning her), noko som betyr at du kan bytte kanalar innanfor din eigen kanalpakke, akkurat når du ynskjer det.
Du kan også laste ned Get tv App og nytte våre tenester på nettbrett og mobiltelefon.
Les meir om det spanande tv-utvalet her.
Telefoni
Telefonapparatet kan koblast direkte i din heimesentral og du kan bruke telefonen på same måte som tidlegare.
Vi tilbyr fleire telefonipakkar, tilpassa ulikt bruksmønster.
Les meir om dei ulike telefonipakkane Lokal, Najonal og Global her.
Tips og råd
Hugs å oppdatere personalia inne på vår nettside, då vi sender ein del informasjon pr sms og e-post.
Nettsida vår kan brukast til tenesten «fritt kanalval» (dersom du har tv-abonnement), finne oversikt fakturaer, leveranseoversikt, kundeprofil, m.m.
Ditt kundenummer og PIN-kode står på dine faktura frå oss, bruk dette til innlogging via framsida på www.kband.no, her (oppe til høgre).
Illustrasjonsfoto av innloggingsbilete
Påkobling av vårt utstyr
Heimesentralen vi leverer i dag (Tilgin og Genexis)) har innebygd trådlaust nett for PC/MAC/nettbrett/mobil. Merk deg informasjon og anbefaling om eige trådlaust nett.
Nettverksnamn (SSID) og passord (WPA) står påført på baksida av
heimesentralen.
Trådlaust nett – tips og råd
Det trådlause nettet i vårt utstyr (tilgin og genexis heimesentral) er kun berekna for lett bruk. For «tyngre» bruk som til dømes video-strøyming og speling anbefaler vi kundane å bruke eige trådlaust utstyr (ruter)), dette kan kjøpast hjå lokale elektrobutikkar. Les meir om tips og råd kring trådlaust nett her.
Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring med mange brukarar.
# 1 Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet
# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.
# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.
# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.
# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.
# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 – 15:00) alle kvardagar. Vår e-post adresse er post@kband.no.
# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.
Om oss
Kontortid Dimmelsvik frå 07:30 – 15:00 (man – fred) Telefon 53475640
Vakttelefon etter kl 15:00 – 07:30 Telefon 53475670 (alle dagar)
Vi håpar du blir nøgd med våre produkt og oppfordrer deg til å kontakte oss om du har spørsmål.
Lukka til!
GLOBAL OPPLEVING. Lokal Service.