Velkomstinformasjon

VELKOMEN SOM NY KUNDE I
KVINNHERAD BREIBAND

Kvinnherad Breiband ynskjer deg velkomen som ny kunde hjå oss og vi håpar du blir nøgd med dei tenestene du no kan ta i bruk.

Internett

Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du lynraskt internett.
Gjeldande prisar og informasjon om nettfart finn du på vår heimeside www.kband.no. Vi tilbyr ulik nettfart tilpassa behov.

Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du lynraskt internett – så raskt at store filer blir lasta ned på få sekund.
Du er online heile døgeret og du kan surfa så mykje du vil utan av det kostar deg noko ekstra.

Det blir noko heilt nytt å lagra og senda bilder. Ferieminner kan delast med familie og vener på sekund. Du treng ikkje lenger vente på å lasta ned bileter du sjølv mottek, eller musikk du vil høyra på.
Internett har forandra seg enormt dei siste åra, og stadig større filer blir sendt over nettet.
Vi brukar internett og vår eigen pc meir og meir som ein underhaldningsboks på lik linje med stereoanlegget og TV-apparatet. Dette krev endå meir av internett sambandet ditt.

Vi tilbyr ulike hastigheiter, til ulik pris;

ProduktHastigheitPris pr mnd
Fiber normal 50/50 mbps kr 499
Fiber medium75/75 mbpskr 599
Fiber large 100/100 mbpskr 649
Fiber XL1200/200 mbpskr 749
Fiber XL2400/400 mbpskr 1049
Fiber XL31/1 Gbpskr 1599
Fiber fritid 15/15 mbpskr 399

Sørg for at du har det beste til deg og din familie!

Fiberteknologi

Med fiberbreiband får du ein kompromisslaus teknologi heilt inn til din eigen husvegg. Det går like raskt å laste både opp og ned. Signala blir sendt med lyset sin fart, og du er då rigga for framtida. I motsetning til andre typar breiband, som blir levert via linjer med begrensningar (for eksempel kobber), er det kun eige utstyr som set begrensningar på fiberbaserte breiband.
Fiber har så og seie ein uendeleg kapasitet og kan overføre ufattelege mengder data i ekstrem fart.

Vi trur framtida med fiber breiband er heilt overlegent for å imøtekome den lynraske utviklinga, og ditt behov i åra som kjem.

TV frå Get

Kvinnherad Breiband leverer tv i samarbeid med vår GET partnar. Vi tilbyr fritt kanalval (veiledning her), noko som betyr at du kan bytte kanalar innanfor din eigen kanalpakke, akkurat når du ynskjer det.

Du kan også laste ned Get tv App og nytte våre tenester på nettbrett og mobiltelefon.

Les meir om det spanande tv-utvalet her.

Telefoni

Telefonapparatet kan koblast direkte i din heimesentral og du kan bruke telefonen på same måte som tidlegare.
Vi tilbyr fleire telefonipakkar, tilpassa ulikt bruksmønster.
Les meir om dei ulike telefonipakkane Lokal, Najonal og Global her.

Tips og råd

Hugs å oppdatere personalia inne på vår nettside, då vi sender ein del informasjon pr sms og e-post.
Nettsida vår kan brukast til tenesten «fritt kanalval» (dersom du har tv-abonnement), finne oversikt fakturaer, leveranseoversikt, kundeprofil, m.m.
Ditt kundenummer og PIN-kode står på dine faktura frå oss, bruk dette til innlogging via framsida på www.kband.no.

Påkobling av utstyr

Heimesentralen vi leverer i dag (Tilgin og Genexis) har innebygd trådlaust nett for PC/MAC/nettbrett/mobil. Merk deg informasjon og anbefaling om eige trådlaust nett.
Nettverksnamn (SSID) og passord (WPA) står påført på baksida av heimesentralen.
Vi anbefaler alle våre kundar å investere i eige trådlaust utstyr som de koblar direkte i heimesentralen frå Kvinnherad Breiband. Eit solid trådlaust nett er nøkkelen til god dekning og hastigheit i din bustad.

Trådlaust nett – Tips og råd

Det trådlause nettet i vårt utstyr (tilgin og genexis heimesentral) er kun berekna for lett bruk. For «tyngre» bruk som til dømes video-strøyming og speling anbefaler vi kundane å bruke eige trådlaust utstyr (ruter), dette kan kjøpast hjå lokale elektrobutikkar.

Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring med mange brukarar.

# 1 Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet

# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.

# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.

# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.

# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.

# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 – 15:00) alle kvardagar. Vår e-post adresse er post@kband.no.

# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.

Sjekk ut våre lune filmar Lett på nett # 1 og # 2.

Personvern

Kvinnherad Breiband AS  fokuserer på å ivareta og beskytta våre kundar sitt personvern.
Vi behandlar personopplysningar i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande lovgivning, herunder i samsvar med personopplysningsloven og personopplysningsforskriften.
Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som kunde. (For vår fullstendige personvernerklæring klikk her).

Om oss

Kontortid Dimmelsvik frå 07:30 – 15:00 (man – fred) Telefon 53475640
Vakttelefon etter kl 15:00 – 07:30 Telefon 53475670 (alle dagar)

Vi håpar du blir nøgd med våre produkt og oppfordrer deg til å kontakte oss om du har spørsmål.

Lukka til helsing gjengen i Kvinnherad Breiband.

GLOBAL OPPLEVING. LOKAL SERVICE.