Tips og råd

Gravemelding og kabelpåvising
Om du skal grave, må du fyrst få påvist kor det ligg straum og nettkablar på eigedomen. Dette er særs viktig for å unngå at viktig infrastruktur fell ut, og i verste fall fare for liv og helse.

Kabelpåvisning av Kvinnherad Breiband sine eigne kablar blir utført gratis.

Grave sjølv på eigen eigedom!
Du som kunde/grunneigar må sjølv grave fiberen frå eiga tomtegrense og inn til husvegg. Dersom du leiger bustad må du sjølv avklare dette med grunneigar.

1. Dersom du har behov for fiberrøyr kan du ta kontakt med vårt kundesenter på tlf 53475640 for avtale om henting.
2. Merk deg at grøfta bør vere ca 30 – 40 cm djup i den trasèen der du legg ut fiberøyr. Bruk gjerne ein smal spade, då går arbeidet lettare.
3. Når du er ferdig å grave ryddar du grøftebunnen for steinar. Deretter plasserer du fiberrøyret i grøfta. Pass på å unngå krekk/krapp sving på røyret.
4. Fyll igjen ca 10 cm av grøfta med steinfri masse (sand eller hagesingel) og legg fiberrøyr på toppen av massen. Deretter fyller du grøfta med samme masse du du gravde opp.
5. Hugs å dokumentere kor du har lagt fiberrøyret, slik at du som grunneigar har god kontroll på dette dersom du seinare skal foreta anna arbeid i hagen.
6. Fiberrøyret må vere godt synleg ved husvegg, slik at montøren som skal kobla opp utstyr finn det når han/ho kjem.

Teknisk informasjon epost

BeskrivelseServerPort
Innkomande IMAPmail.kband.no993
Innkomande POP3mail.kband.no995
Utgåande SMTPmail.kband.no587

Sikkerhet og nettverk
Sikkerhet og nettverk er særs viktig for Kvinnherad Breiband. Vi oppmodar alle våre kiundar til å ha fokus på sikkerhet, lover og reglar når dei nyttar internett.

Norsk lov
Både Kvinnherad Breiband og kundane vore er forplikta til å fylgje norsk lov. Som kunde hjå oss skal du difor alltid bruke din internett tilgang innanfor dei rammene som er gitt av norsk lov, og hreunder ikkje spreie lovstridig innhald eller benytte internett tilgangen til å oppsøke eksempelvis overgrepsmateriale. Bruk i strid med dette kan medføre stenging og anmeldelse. Kvinnherad Breiband overvakar ikkje våre kundar, men er pliktig til å overlevere dokumentasjon til politiet i alvorlege straffesaker. Vi oppmodar alle våre kundar til å følgje Noregs lover og reglar.

Datainnbrot
Kundar av Kvinnherad Breiband skal ikkje benytte sin internettlinje for å gjere datainnbrot eller på anna måte skade andre sine eigedom eller eiendeler.

Brot på opphavsrettigheiter
Nedlasting og spreiing av innhald som bryt opphavsretten er ulovlig iht. norsk lov.
Om innhaldet som blir delt er opphavsrettsleg beskytta, kan det stride mot “Lov om opphavsrett til åndsverk”.

Overgrepsmateriale
Kvinnherad Breiband samarbeider på lik linje med andre internettilbydere med KRIPOS og har eit CSAADF (Child Sexual Abuse Anti Distribution Filter) filter som gjeld for alle våre kundar.
Filteret gir alle våre kunder en advarsel om at de er i ferd med å bevege seg inn på sider med ulovleg innhald. KRIPOS har registert fleire hundre nettsider med innhold som er ulovlig etter norsk lov. Les mer om filteret på KRIPOS sine nettsider.

God skikk og bruk
Vi oppmodar alle våre kundar til å utvise generell skikk og bruk når dei er på internett. Dersom du deltar i forum eller andre sosiale arenaer, oppmodar vi deg til å bruke eige namn, og vise skjønn og respekt overfor andre når du deler informasjon og meiningar. Les meir om nettvett på nettvett.no.

Vilkår
Les våre vilkår på denne sida.