Mest stilte spørsmål

Oppseiing av eksisterande leverandør ved overgang til oss
Dersom du allereie er kunde hjå anna leverandør enn Kvinnherad Breiband, må du sjølv seie opp denne avtalen. Fakturering frå oss startar når fiberbreibandet er aktivert heime hjå deg.

Oppseiing av fasttelefoni
Har du bestilt fasttelefoni og ynskjer å behalde telefonnummeret ditt er det viktig at du IKKJE seier opp hjå din noverande leverandør. Vi foretar det praktiske rundt overføring og portering av telefonummer til oss. Telefoni blir normalt aktivert 3 – 5 dagar etter bestilling.

Oppseiing av dagens tv-avtale
Har du bestilt Get tv frå oss, men har ein anna leverandør må du sjølv seie opp denne avtalen, også når det gjeld tilleggspakkar/kanalar. Fakturering frå oss startar når Get tv-tenesta er aktivert hjå oss.

Kva har eg eigentleg bestilt?
På “mi side” finn du oversikt over kva produkt du har hjå oss. Ta også kontakt med oss om du har spørsmål kring eige abonnement.

Kva tid kan eg forvente å komme på nett?
Tida varierer av fleire grunnar, men normal leveringstid er i dag ca. 8 veker. Dersom du bestiller i eit område vi ikkje er utbygd eller det av andre grunnar er vanskeleg å etablere fiber vil du få tilbakemelding om dette. I området vi ikkje har bygd ut kan vi vere avhengig av fleire faktorar for å kunne ferdigstille ei nyutbygging (offentleg stønad, anleggsbidrag kunde, osv.).

Grave på eigen eigedom
For graving på eigen eigedom finn du meir informasjon her.

Kva tid kjem montøren for montering og installasjon av utstyr hos meg?
Montør tar direkte kontakt med deg for avtale om når det passar å utføre arbeidet. Av og til blir ein installasjon utført i fleire vender (innemontering før utemontering), eller parallelt avhengig av kva som er mest hensiktsmessig. Dersom du vil endre tidspunkt for installasjon ta kontakt med montør eller vårt kundesenter.

Er det noko eg må gjere sjølv?
Ver heime til avtalt til når montøren kjem!

Kva utstyr får eg montert?
Montøren tar med naudsynt utstyr (heimesentral) og tv-dekoder dersom du har bestilt tv-abonnement. Vi anbefaler alle våre kundar å bruke eigen trådlaust ruter for mest mogleg optimalt trådlaust nett i bustaden.

Oppseiing av avtale
Send oss skriftleg oppseiing, gjerne via websida vår. Du blir fakturert for avbrotsgebyr dersomd u seier opp etter angrefrist og før du har vore aktiv kunde hjå oss i eit år.

Eg er ikkje nøgd med arbeidet montøren har gjort, kva no?
Ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640 for informasjon om kva du ikkje er nøgd med, evt. send ein e-post til post@kband.no. Vi behandlar saka så snart som mogleg, og ynskjer sjølvsagt at våre kundar skal vere fornøgd!

Kva tid kan EG få fiber?
Normal leveringstid er ca. 8 – 12 veker. I områder der selskapet ikkje har bygd ut fiber vil det vere eigne leveringstider (om det er løyseleg). Tele i bakken vinterstid kan gjere at ei utbyggjing tar lengre tid.

Eg angrar, kva gjer eg?
Dersom du angrar på bestillinga, må du hugse å angre innan 14 dagar. Dersom du angrar sender du oss ein e-post, så snart du har fatta denne beslutninga. Dersom det har gått meir enn 14 dagar, tilkommer eit gebyr for å avbryte bestillinga, dersom vi har planlagt arbeidet og gjort avtale om montering (gebyr kr 750).

Kva er luftstrekk?
Luftstrekk er der fiberen går i kablar i lufta, på stolpar.

Trådlaust nett
Det trådlause nettet i vårt utstyr (tilgin og genexis heimesentral) er kun berekna for lett bruk. For «tyngre» bruk som til dømes video-strøyming og speling anbefaler vi kundane å bruke eige trådlaust utstyr (ruter), dette kan kjøpast hjå lokale elektrobutikkar.

Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring med mange brukarar.

# 1 Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet
# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.
# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.
# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.
# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.
# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 – 15:00) alle kvardagar. Vår e-post adresse er post@kband.no.
# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.

Sjekk ut våre lune filmar Lett på nett # 1 og # 2.

Fabrikk innstille eigen ruter?
Det kan frå tid til annan vere behov for å “nullstille” eigen ruter. Kanskje du vil setje den opp med nytt passord eller vil gi den ei oppdatering. For å fabrikkresette ruter har vi laga ein enkel video med veiledning, her.

Epost
Kvinnherad Breiband har ikkje eigen epostteneste som vert vidareutvikla, vi anbefaler gratis eposttenester som til dømes gmail dersom du ynskjer ny epostadresse.

Har du eksisterande knett.no adresse anbefalar vi at du bruker denne via nettlesar og heimesida vår så slepp du å bruke eige epostprogram.

Dersom du skal setje opp knett.no adressa di på nettbrett, mobil eller pc treng du å vite fylgjande:

Brukarnamn: namnet.ditt@knett.no

Passord: passordet du har fått av oss. (ta kontakt om du ikkje har det, så lagar vi nytt til deg).

Innkomande epostserver:  IMAP eller POP3

Altså: mail.kband.no

IMAP PORT: 993 (anbefales)

POP3 PORT: 995

Utgåande epostserver: SMTP

Altså: mail.kband.no

PORT: 587

Korleis setje opp e-post i windows 10?
Her finn du ein video som kanskje kan hjelpe deg.

Konfigurasjon av heimesentral

Frå konfigurasjonssia kan du endre passord på ditt trådlause nett, sjå kva PC’ar som er tilkopla og sjekka mottatte og ubesvarte anrop om du har telefoni.
Ver merksam på at innstillingar du gjer kun er lagra på heimesentralen og desse forsvinn om kundebehandlar må resetja utstyret i forbindelse med feilsøking. Me anbefaler difor å bruke konfigurasjonssida for å hente ut opplysningar, ikkje legga inn nye.

Start konfigurasjon

Korleis setje opp «port forwarding» på Tilgin

Start med å logge på heimesentralen med brukarnavn “user” og passord “user”.

Klikk på fanen Avansert.

Klikk på menyvalget Portviderekopling.

Nederst på sida under “Egendefinert viderekopling” skriv du inn navnet på den nye regelen du vil lage og velg tilkopling “data” og klikk “Legg til”.

Du kjem då inn på ei side for å legge inn dei portane du vil viderekople.

Huk av på “Enabled” for at regelen skal bli aktivert.

Under Source IP address endrar du ingenting. Under “Destination IP address:” skriv du inn IP-adressa maskina har på lokalnettet, 192.168.200.XXX.

Vel porter og protokoll nederst. Om det er en serie portar, skriv inn den fyrste og den siste porten i Start og Slutt. Legg inn samme portnummer i begge Start-feltene. Om du bare skal viderekople en enkelt port legger du den i alle feltene.

Klikk “Bruk” for å leggje til portane til regelen.

Klikk på Portviderekopling i menyen til venstre for å komme attende til oversikta.

VIKTIG: Øvst til høgre på sida må du trykkje “Lagre innstillingene”. Hvis ikkje blir alt borte neste gong heimesentralen blir restarta.