Julehelsing frå Kvinnherad Breiband – HO HO HO

Publisert

Jula 2017 står for tur og vi har passert 4000 breibandskundar med god margin. Vi er ein stolt leverandør av fiberbaserte tenester til innbyggjarar i heile kommunen,  og ser verkeleg fram til vidare utvikling av selskapet.
Kommunen er prega av stor optimisme og framtida ser lovande ut for både innbyggjarar og bedrifter, det gledar oss!

Teknologirevolusjon 2017

Vi lever i dag i eit teknologi-og internettavhengig samfunn i stadig utvikling, den nye teknologien vil no kunne gje kapasitet på inntil 1gigabit. For å kunne tilby gode og stabile tenester i åra framover, oppraderer vi heile nodenettet med nytt utstyr.
Vi har i 2017 oppgradert omlag 25 % av teknisk utstyr, og skal fullføre oppgradering i løpet av 2018.

Lett på nett! 

På heimesida vår finn du ei rekkje tips og linkar om trådlause nett, og om korleis du kan optimalisere dette i heimen din.
Av og til kan det vere nok å flytte routeren litt, eller justere antennene slik at dei står i rett posisjon. Dersom du har moglegheit til å kople PC eller spelemaskinar til med kabel er dette det billegaste og beste alternativet. All “tung” bruk av nett er å anbefale på kabel, får du dei tyngste brukarane kobla direkte på kabel blir det meir hastighet å dele på dei trådlause brukarane. For meir informasjon om trådlaust nett les ein nyhetsartiklar på vår heimeside her eller hald deg oppdatert på vår facebookside.
Dersom du opplever dårleg nettkvalitet i heimen, ikkje nøl og ta kontakt med oss.
Vi sjekkar linja di, og med ein samtale og ein gjennomgang kan vi kanskje finne ei løysing der og då.  I ytterste konsekvens sender vi ut ein av våre montørar dersom det er feil på vårt utstyr. Vi er heilt avhengige av å få tilbakemeldingar dersom du opplever ustabilitet eller brot på linja di.
Vi har i 2017 laga to nye filmar med film # 1 “Lett på nett” og film # 2 “Lett på nett-del 2“.

Har du TV frå Get?
Ta TV-abonnementet med deg.

Family watching TV together at home  Get logo

Har du Get TV frå Kvinnherad Breiband? Då kan du ta det med deg på tur, det same du ser på dekoderen heime kan du no sjå på nettlesaren i PC-en din.
Har du eit nett i nærleiken er det berre å logge seg på om du vil sjå ein film eller favorittserien din der du er. Eller kanskje du har ein student som ikkje har tilgang på TV, men som har tilgang på nett?  Moglegheita har du allereie no inkludert i abonnementet ditt. Alt du treng er å logge deg på di side på www.get.no/tv.
Du kan no benytte deg av tv-abonnementet via tv, iPad, mobiltelefon og PC/Mac og AppleTV4. Prøv då vel! Ring oss gjerne på tlf 53 47 56 40 om du ynskjer meir informasjon, eller sjekk nettsida vår for framgangsmåte.
Hugs at det er den som eig abonnementet i Kvinnherad Breiband som må laste ned app og få tilsendt brukarnamn og passord til å kunne bruke app/get på pc og mac, den fyrste gongen.

No kan du endre din eigen kanalpakke – når du vil! 

Du  endre din kanalpakke på ”mi side” via heimesida vår. Du loggar deg inn med kundenummer og pin-kode som står på fakturaen din, for veiledning trykk her. Endre ”kundeprofil” frå ”straumkontrakt” til ”breibandskontrakt” og du får opp Get TV kanalvelger på venstre sida i menyen.

Her kan du fjerne og legge til kanalpakkar og enkeltkanalar innanfor dei 50 poenga du har til rådighet. Ynskjer du fleire poeng i pakken din kan du oppgradere til familiepakken som er 110 poeng, eller du kan bestille HBO som eigen kanalpakke for seg sjølv. Dette kan du sjølv gjere med fjernkontrollen heime, eller ved å ta kontakt med oss. Her er eit hav av moglegheiter!

20160808-_TLE3747-2539x1695

Hald deg oppdatert – når det passar deg! 

For å halde deg oppdatert på produkt, pris og tenester anbefalar vi deg å like facebooksida til Kvinnherad Breiband.
Denne sida blir brukt til informasjon om driftsmeldingar, oppdatering av nyheter og anna relevant informasjon.

Kva kan vi gjere for deg?

Ta gjerne kontakt med oss på kundesenteret, måndag – fredag frå kl. 07:30 – 15:00.

Du kan også sende oss ein epost til post@kband.no, så tar vi kontakt med deg i opningstida vår.

20160829-_TLE8372-Edit-2539x1694

Med ynskje om ei strålande jul til alle våre kundar. 

 LOKAL SERVICE. GLOBAL OPPLEVING.