Tips og råd – trådlaust nett

Publisert

Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring med mange pålogga brukarar samstundes.

Brukar du det trådlause nettet som er i heimesentralen vi har levert (tilgin eller genexis)?
Sidan heimesentralen er eit modem anbefaler vi likevel alle våre kundar å ha eigen solid trådlaus ruter i tillegg.
Med dagens aukane bruk, er dette absolutt den beste løysinga for deg som vår kunde.

NYTTIGE TIPS!

# 1
Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet

# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte

# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.

# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det løne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett

# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.

# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53475640 (ope 07:30 – 15:00) alle kvardagar. Vår e-post adresse er post@kband.no

# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.

Dersom du ynskjer litt informasjon anbefaler vi deg å sjå våre filmar Lett på nett del # 1 og # 2.

 

Kvardagstips frå Kvinnherad Breiband