Ny kundekonsulent hos oss?

Kreativ og engas­jert kun­dekon­sulent til vårt kundesenter

Er du ein pos­i­tiv og ser­vi­ceinnstilt per­son som elskar å hjelpe andre? Trivst du med å snakke i tele­fon, har eit godt grep om det norske språket og ønskjer å jobbe i eit dynamisk miljø med høgt tem­po? Då er det kan­skje deg vi leitar etter!

Vi ser etter ein kun­dekon­sulent som gir kun­dane våre den beste opplevin­ga kvar einaste dag. Hos oss får du bruke kreativitet, kom­mu­nikasjon­sevne og godt humør til å sikre at kun­dane våre er nøgde. Kvinnher­ad Breiband nyt­tar nynorsk som forretningsspråk.

Arbei­d­soppgåver

  • Svare på kun­dar sine føre­spur­nad­er via tele­fon, e‑post og chat.
  • Finne løysin­gar som gjer kun­dane nøgde og hjelpe med spørsmål om pro­dukt og tenester.
  • Gi enkel teknisk ret­tlei­ing (opplæring blir gitt – teknisk bak­grunn er ikkje nødvendig).
  • Bidra til å skape gode kun­deop­plevin­gar gjen­nom effek­tiv og venn­leg kommunikasjon.
  • Moglegheit for oppgåver innan mark­nads­føring, som å lage innhald til sosiale medi­um, nyheits­brev og kampanjar.
  • Bidra i proak­tivt sal­sar­beid via bedriftssam­lin­gar, mess­er, tele­fon, e‑post og sms.

Kven er du?

  • Du skriv og snakkar fly­tande norsk med ein pro­fesjonell og kreativ skrivestil.
  • Du trivst med å snakke i tele­fon og møter kvar kunde med eit smil.
  • Du har godt humør og tak­lar hek­tiske arbei­ds­da­gar med høg aktivitet.
  • Du er ini­tia­tivrik, lære­vil­lig og ser moglegheit­er for å bidra på fleire område.
  • Teknisk innsikt er ein fordel, men ikkje eit krav – du lær­er raskt det du treng.
  • Utdan­ning eller erfar­ing innan ser­vice, admin­is­trasjon eller mark­nads­føring er ønskje­leg, men rel­e­vant erfar­ing kan kom­pensere for formell utdanning.
  • Du er nys­g­jer­rig på kor­leis teknolo­gi kan for­be­tre arbeidsprosessar.

Dette kan vi til­by deg

  • Eit inkluderande og godt arbei­dsmiljø med vekt på samar­beid og initiativ.
  • Konkur­ransedyk­tige løns- og arbei­dsvilkår, inklud­ert pen­sjon og forsikring.
  • Arbei­d­stid måndag–fredag frå kl. 07:30 til 15:00, med flek­si­tid ved behov.
  • Moglegheit­er for fag­leg utvikling og nye utfor­dringar innan mark­nads­føring og andre rel­e­vante område.

Inter­essert?

Send søk­nad og CV til gunnhild@kband.no innan 15.01.2025.


Spørsmål? Kon­takt Gunnhild Nilsen Hillestad på 404 55 380 eller gunnhild@kband.no.
Bli med og skap dei beste kun­deop­plevin­gane saman med oss!

Vi gler oss til å høyre frå deg!