Alle kvinnheringar held seg no heime så mykje som mogleg, og med god grunn.
Vi samlast på nett, gjennomfører møter, snakkar med læraren, ser meir på TV og tar til og med damekveldar og fredagspils online.
Den nye kvardagen har vart nokre veker, og vil truleg halde fram ei stund til.

Korleis skal vi omstille oss best mogleg?

Ny kvardag. Nye behov
Heile hustanden er heime frå morgon til kveld, nettet blir definitivt satt på prøve.
Det er skule, jobb, gaming, Netflix/HBO og sosialt samvær – nesten alt via nett.

Det kan vere lurt å optimalisere eigen kapasitet på heimenettet så godt som råd.

1. Ikkje rydd vekk wifi-utstyret
Wifi utstyret er som ei lyspære, for godt signal må ruter plasserast så høgt og fritt som mogleg.
2. Signala blir delt 
I ein moderne heim brukar vi stadig meir trådlaust utstyr. Alt som treng wifi deler då på samme nettet.
Det kan vere lurt å investere litt i eit solid heimenett – spesielt i desse dagar!
3. Kabelen – stabilt nettverk 
Ved bruk av trådlaust nett kjempar alle einingar (telefon, nettbrett, pc, smart tv, m.m) som er kobla opp om samme trådlause nett (wifi).
For å frigjere plass anbefalar vi at mest mogleg er kobla opp til internett via kabel, til dømes apple tv, stasjonære datamaskinar, PlayStation og spelekonsollar.
Dette er einingar som “drar” mykje trafikk og kan “kneble” det trådlause nettet heime. Veldig frustrerande.
4. Har VPN løysinga til jobben nok kapasitet?
Mange nyttar VPN frå arbeidsplassen når dei jobbar heime (sikkerhetshensyn). No som særs mange er heime og koblar seg opp mot arbeidsplassen vil fleire dele same kapasistet, og
hastigheita kan opplevast som treg. Dette heng ikkje saman med breibandsleveransen lokalt.
Dersom du opplever trøbbel med jobb funksjonalitet i samband med bruk av VPN oppmodar vi deg til å kontakte IT-avdelinga for å sjå på ein moglegheit for å utvida VPN kapasitet på respektiv arbeidsplass.
5. Oppgrader/oppdater eige utstyr 
Det kan lønne seg å oppgradere eige trådlaust utstyr frå tid til anna. Det er eit hav av gode alternativ på marknaden, fin noko som passar din husstand.
Er det mange “pålogga” samstundes, er det streaming, gaming og korleis nyttar de nettet? Er huset stort eller lite, og fleire etasjar?

Dugnad med bratt digital læringskurve 
Som ein felles dugnad må vi alle no forhalde oss til strenge restriksjonar frå FHI, og belaga oss på å bruke digitale flater i vekene framover.
Snakka meg om bratt læringskurve for mange? Heimekontor kan for mange vere veldig effektivt med arbeidsro rett utstyr og godt nett.

Møtast på nett
For videotreff kan det brukast mange ulike digitale flater som facetime, skype, facebook messanger, teams, snapchat med meir.
Alternativa er mange – berre du har tilgang til internett. Har du vist besteforeldra dine facetime?

Samfunnskritisk verksemd – spesielle tiltak og kreativ feilretting 
Som ei samfunnskritisk verksemd er vi avhengig av å kunne drifte nettet vårt på best mogleg måte.
Vi må i samband med tiltak rundt covid-19 minimere aktivitet som inneber fare for smitte og vidare spreiing av koronavirus.
Kvinnherad Breiband har inntil vidare stoppa all aktivitet som installasjonar/utrykning til kundar.
Vi ber i denne kritiske fasen om ekstra tolmodigheit frå våre kundar, og skal gjere det vi kan for å løyse det som trengs via telefon.
Kundesenteret vårt er stengt for personleg frammøte, men er ope  som normalt på telefon og e-post.

Ta kontakt med oss om du lurer på noko.

Med ynskje om ein strålande påske frå alle oss i Kvinnherad Breiband