Kvinnherad Breiband tilbyr TV frå Get når du er fiberkunde hjå oss.
Er du 
allereie Get-kunde hjå oss har du fleire moglegheiter enn du kanskje visste om.

Kva kan du få i tv-pakken din, eigentleg?

  • Du har moglegheit til å byte kanalar og kanalpakkar i det abonnementet du allereie har, dette kallar vi “fritt kanalval”.
    Dette kan du
    gjere via «mi side» på www.kband.no der loggar du deg inn med kundenummer og pin-kode som du finn på faktura frå oss. 
  • Du har tilgang til filmleige, også ein del gratis film, det er berre å trykkje på “film-knappen” på fjernkontrollen din, så finn du eit stort utval. 
  • Du har tilgang til å strøyme innhaldet ditt via PC, mobil, nettbrett eller Apple-TV.  Då har du TV tilgjengeleg når du ynskjer så lenge du har tilgang til internett, til dømes på gjesterom, på hytta, eller dersom du har barn på hybel eller du er på reise. 
  • Dersom du ynskjer eit større utval i kanalar med til dømes HBO kan du oppgradere til Familepakken som har 110 poeng, mot 50 som er i TV Grunnpakke. Denne kan du oppgradere til sjølv med fjerkontrollen frå eigen Get-boks, eller ved å ta kontakt med oss.  Les meir om pakkane her

Gjer gjerne ei oppdagingssreise i det gode tilbodet du har frå Get, ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å vita meir om alle dine moglegheiter.

Ny tv-platform – den nye tv opplevinga!

Har du vore tv-kunde hos oss lenge og er klar for “den nye tv opplevinga” på ny tv-platform? Get har lansert sin nye dekoder – kalla Get boXFilmar og seriar er lettare tilgjengeleg og er enklare å finne fram i enn før, ved bruk av Get boX. Du får og tilgang til vekesarkiv på ein del program, og kan sjå det du vil når du vil – fleksibiliteten er her veldig stor.  

Get boX gir deg:

  • Programguide for kva som går på TV no og sju dager fram i tid
  • Gå inntil eit døgn tilbake i guiden og sjå det du ikke fikk sett eller tatt opp
  • Personlege anbefalinger basert på det du pleier å sjå
  • Moglegheit for 500 timar med opptak (skylagring) til kr 99 pr mnd

Du kan og abonnere på opptak i sky om du ynskjer dette, du treng då ikkje eigen dekoder med opptak. 

Vi tilbyr ein oppgraderingspakke der vi oppgarderer linja di og tek den gamle Get-dekoderen i byte mot den nye GetboX.
På Get boX kan du sjå TV som før i tillegg til at du kan bruke tusenvis av App-ar til å sjå NRK, Netflix, Viaplay og andre strøymetenester, alt via same fjernkontroll/tv-dekoder.

Ynskjer du å oppgradere til ny tv-platform kan du sjå prisar for oppgradering og oversikt her.

Bli tv-kunde utan dekoder 

Er du ein av dei mange som ser TV via strøymetenester?
No kan du og bli Get-kunde utan dekoder!
Som Get-kunde har du tilgang til alle dei mest vanlege TV-kanalane, HBO, gratis film og filmleige.
 

Du kan og velje å bruke Get som rein strøymeteneste og bruke din eigen Apple-TV, Chromecast eller PC til å sjå TV på.

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon.