Veke 42 skal endeleg ny node i Matre ferdigstillast og alle våre kundar i området (ca. 50 stk) skal koblast over på heilt ny teknologi.
Ein node er det vi kallar den tekniske hytta som alt utstyr er plassert i, for å produsere internett ut til kundane via fiberteknologi.
Frå tysdag 15. oktober startar vi med omskøyting og oppgradering av ny nodeteknologi for alle våre kundar.
Arbeidet i dette området er ein del av ei total oppgradering av teknisk utstyr i heile kommunen.

Kvinnherad Breiband legg opp til å vere ferdig med  prosjektet i Matre innan veke 43.

Kva må du som kunde tenkje på?
La utstyret stå påkobla straum heile dagen.
Vi sender sms med varsling før oppstart, samt ny sms når alle tenester skal vere tilgjengeleg att.
Alle våre kundar får utdelt ny IP-adresse, og ein omstart av eige utstyr vil vere naudsynt.
Nedetida for kvar enkelt kunde er ca. 4 – 8 timar.

Kvifor oppgraderer vi teknisk utstyr
Vi oppgraderer no alt teknisk utstyr for å imøtekome nye krav til nettfart i åra framover. Vi kan etter oppgraderinga tilby 1000 mbps opp og nedlastingskapasistet. Vi opplever i dag ein aukane bruk av internett, samt større behov for høgare kapasitetar også for vanlege forbrukarar.

Arbeidet med denne oppgradering omfattar nytt teknisk utstyr, utviding av stamfiber og omskøyting av ein del kablar i nettet lokalt.
Vi foretar i utkoblingsperioden ei oppgradering av alt teknisk utstyr og oppdatering av software på kundane sitt eige utstyr. Sjølve oppgraderinga av software kan kun gjennomførast dersom straumen står på kundeutstyret (fiber heimesentral). Det er difor særs viktig at utstyret står påkobla straum, slik at vi oppnår kontakt med kundeutstyret.
Tenestene vil ikkje fungere etter oppgradering dersom vi ikkje har kontakt med utstyret til kundane våre under oppgraderinga.

Har du heimesentral av type allied telesys?
Ved heimesentral av type allied telesys har du eigen ruter/aksesspunkt, dersom du nyttar trådlaust nett i huset ditt.
Merk deg difor særskild denne informasjonen for best mogleg kundeoppleving i samband med oppgraderinga.

Dersom du har spørsmål til oss i forkant av arbeidet er det berre å ta kontakt per telefon 53475640 (ope frå kl. 07:30 – 15:00) alle kvardagar.

Vi ser fram til å få topp moderne ustyr og utvida fiberkapasitet også i vakre Matre.