Har du allied telesys heimesentral?

Ca. 1300 av våre kundar har heimesentral av type allied telesys.
Dersom du har heimesentral av denne typen må du merke deg fylgjande informasjon i forhold til eige trådlaust utstyr:

  • Dersom du har eigen ruter satt opp som aksesspunkt, må denne tilbakestillast/setjast opp som ruter. Veiledningsvideo finn du her.
  • Aksesspunkt (også kalla AP) vil ikkje fungere – dersom du har dette må utstyr erstattast med ruter.
    Dette heng saman med funksjonalitet kring utdeling av IP-adresser.

Kort forklart betyr dette i praksis at din heimesentral (allied telesys) blir påverka i forhold til måten IP-adressene frå Kvinnherad Breiband blir utdelt til din heimesentral.
Det blir delt ut to ip-adresser pr husstand.

Ei IP-adresse blir tildelt allied telesys og ei IP-adresse blir tildelt den eininga som blir kobla på (t.d ruter).
For å få utdelt tilstrekkeleg med IP-adresser (frå ditt eige utstyr) må ditt eige utstyr vere satt opp med noko som er kalla dhcp.

Det vil seie at din eigen ruter deler ut IP-adresser til alle einingar i hustanden din (smart-tv, datamaskin, iPad, mobilar, osv).
Denne funsjonaliteten vil du diverre ikkje ha ved bruk av aksesspunkt.
Dersom du har aksesspunkt og vil oppgradere eige kundeutstyr anbefalar vi deg å ta kontakt med lokale leverandørar av trådlaust utstyr (Power/Elkjøp Husnes).

Kundesenter når du på telefon 53475640, ope frå kl. 07:30 – 15:00 – kvardagar.

Ta kontakt om du har spørsmål til oss kring denne informasjonen.