Kvinnherad Breiband har beslutta å utvida produktspekteret sitt ved å kunne tilby kundane endå fleire tenester, denne gongen tilbyr vi KB TRÅDLAUST. 

Vi vil no kunne tilby kundane våre trådlaust nett av type Air Ties 4930.
Eit trådlaust konsept som mange av våre kundar vil kunne ha store glede av i heimen. Kva er vel meir irriterande enn ustabilt trådlaust nett? Dei fleste familiar har mellom 5 – 30 duppedingsar som alle kjempa om godt trådlaust signal. Eit godt trådlaust nett heime er avgjerande for den gode kundeopplevinga for dei mange tusen som nyttar nettet vårt i Kvinnherad.

Vi  i Kvinnherad Breibands snakkar dagleg med kundar som har spørsmål og treng råd om trådlaust nett i heimen. Her er det mange faktorar som spelar inn, og vi har i ein lengre periode testa ei rekkje alternativ på den trådlause marknaden.

For dei av våre kundar som ynskjer å oppgradere eige trådlaust nett i heimen kan vi trygt anbefale KB TRÅDLAUST.

Etter ein positiv testperiode av vi landa på AirTies, som er enkel å setje opp, bruke og gir ei solid dekning i bustaden.

Her kan du sjå ein introduksjonsvideo av AirTies 4930 som blir det fyrste produktet vi tilbyr via KB TRÅDLAUST.

Vår tekniske avdeling jobbar fortløpande med testing og evaluering av KB TRÅDLAUST, og i åra som kjem vil det også kome andre modellar og variantar i produktpakkane våre. Det er berre å gleda seg!

Få full trådlaust dekning med KB TRÅDLAUST sitt smarte mesh-nettverk. Dette systemet gjer at du blir kvitt “dødsoner” og kan utnytte breibandet ditt over heile bustaden.

KB TRÅDLAUST vil gi deg full dekning for alle dingsane dine, alltid.

Foto: eyenetworks

Eit enkelt aksesspunkt/ruter vil alltid ha begrensa rekkevidde og kapasitet. Ny teknologi gir eit kompakt og effektivt trådlaust nettverk.

KB TRÅDLAUST gir deg ein bustadpakke som i utgangspunktet inneheld tre einingar (dette blir skreddersydd etter eige behov) ferdig satt opp i nettverk av ruterar som “snakkar” med kvarandre.
For deg som er brukar av trådlaust nett får du alltid det mest optimale nettverket avhengig av kor du bevegar deg i bustaden. Herleg?
I stova, på soverommet, på do, i kjellaren, på loftet
, ja kanskje til og med på altanen?

Hovudeininga er kobla med kabel direkte i din fiber heimesentral, medan dei to andre blir gunstig plassert andre stader i bustaden (desse to treng kun straum og ikkje kabel – har du kabeluttak så bruk gjerne det).
Du blir med andre ord alltid kobla opp mot den mest optimale eininga i bustaden når du bevegar deg rundt, utan at du må foreta deg noko – alt dette er saumlaust. Nettverket sørger for at alle dingsar koblar seg til det frekvensbåndet som vi gi den beste ytinga, til eikvar tid.

Produktinformasjon
Kvinnherad Breiband tilbyr no trådlaust nett som leigeavtale inklusiv support.
Mange av våre kundar har ulike behov i forhold til oppsett av eige nett, vi ynskjer å kunne tilby alle kundegrupper tilpassa og solid trådlaust nett.

LEIGE AV KB TRÅDLAUST 
For kundar som ynskjer KB TRÅDLAUST som ein leigeavtale er det ein etableringskostnad på kr 1490 + månadleg løpande kostnad på kr 99 pr mnd.
For leige av KB TRÅDLAUST vil vi tilby løpande support etter behov, og oppmontering av nettverk heime hjå kunde.
Utstyret blir då montert av montør/teknikar etter avtale med kunde.

Bindingstida for bestilling av KB TRÅDLAUST til leige er 12 mnd. Ved oppseiing av teneste må utstyret returnerast til Kvinnherad Breiband. 

For bestilling av KB TRÅDLAUST, må du fylle ut bestillingsskjema her.

GLOBAL OPPLEVING. LOKAL SERVICE.