Kvinnherad Breiband har vakse seg relativt store sidan oppstart i 2003.Vi er no heile 11 fast tilsette i bedrifta, og er så heldige å ha ein lærling innan telekommunikasjonsmontørfaget.
Vi ynskjer å presentere dei tilsette på ein litt utradisjonell måte.

Vi brenn verkeleg for at Kvinnherad skal få best mogleg internett heim til hus, hytter og bedrifter lokalt.

                  Kven jobbar i denne teknologibedrifta eigentleg?

Svein Atle Nipen – teknisk leiar

Svein bur på Stord og har pendla til Kvinnherad i 15 år.  Han er ivrig mosjonist og joggar så ofte han kan og deltek gjerne i mosjonsløp.  Han er stolt bestefar til 3 og brukar mykje tid på barnebarna.
Svein har bakgrunn som teknikar frå Televerket og er vår tekniske guru. Han jobbar med overordna nettstruktur og samarbeid med leverandørar og nettselskap.

Håkon Røstbø – prosjektleiar

Håkon bur på Kaldestad og er musikar på sin hals.  Han er kjend for sitt glitrande gitarspel og si kraftfulle røyst i fleire tiår. Har bl.a. Pink Floyd, Blues Brothers og Husnes Funk Orchestra på repertoaret sitt. Han spelar og med døtrene sine Ingrid og Astrid. Håkon er og engasjert i samferdsleløysingar og jobbar for betre samband til og frå Kvinnherad.
Håkon er planleggjar på fiber og har imponerande oversikt over fibernettet i Kvinnherad.

Gunnar Vaage – fibermontør

Gunnar har du garantert sett springande langs vegen.  Han er marathonmannen vår og deltek i det han finn av løp land og strand og gjerne i utlandet.  Det kan nesten ikkje bli langt nok, berre han får mat.  Han er sosialt anlagt og eit positivt midtpunkt i det store løparmiljøet kring Husnes Stadion.
Gunnar er alltid positiv og løysingsorientert og ein av Noregs mest erfarne fibermontørar som vi er stolt av å ha på laget vårt.

Trond Hannisdal – marknadskoordinator

Trond bur i Dimmelsvik og er vårt tekniske orakel. Han føl med på alt som rører seg av tekniske nyvinningar og kva som skjer i bransjen.  Han har ein unik evne til å setje seg inn i nye ting og er ikkje lett å setje fast. Trond er eit arbeidsjern av dei sjeldne og ein habil hobbykokk.  Av og til må han ein tur til Bergen for å halde dialekten vedlike.

Edmund Tofte – fibermontør

Edmund er frå Sunde, og har si perle ved Opsangervatnets bredd med idyllen Purkeneset like ved.  Han er lidenskapeleg korsongar og aktiv i Husnes Blandakor.  Han er ikkje aktiv gardbrukar men har alt av utstyr som skal til om det skulle kome tronge tider og uår. Edmund er ein særs erfaren og allsidig montør, og er planleggjar og koordinator for dei dyktige montørane våre.

Arne Torget – marknadskoordinator


Arne kjem frå sjølvaste Kolavegen på Husnes. Der har han budd nært sagt heile sitt liv. Arne er yrande oppteken av næringsutvikling og har eit hjarte av gull. På fritida likar han godt å bidra i samfunnet, og har ei tidlegare storhetstid på friidrettsbana. Dei fleste kjenner nok Arne som ein unik stuntpoet, som alltid skapar glede og latter i sitt nærvær.
Arne er ein allsidig og erfaren marknadsarbeidar, som alltid strekk seg langt for å finne gode løysingar for kundane våre.

Bengt Opsanger – fibermontør


Bengt er ivrig friluftsmann, jeger og hundeeigar. Han reiser på årlege jaktturar med fuglehundane sine og veit kor han finn storfuglen. Fjordfisken får heller ikkje fred når Bengt kjem rekande. 
Lange turar heile året sommar som vinter er sjelebot for Bengt som har sin base på Valen.  Bengt er ein erfaren, allsisdig og dyktig fibermontør som alltid finn ei løysing når installasjonsdagen kjem til ein heim.

Gunnhild Nilsen Hillestad – dagleg leiar


Gunnhild er sjefen vår og bur i vakre idylliske Herøysund med vidt utsyn over Hardangerfjorden, Tysnes, Stord og Ølve.  Med 3 born og ein aktiv familie er det mykje aktivitetar, hytteturar og friluftsliv på fjell og sjø.  Gunnhild har bakgrunn frå bank og finans og styrer Breibandsskuta trygt slik at det ligg grøne tal i kjølvatnet. Ho har sterk omsut for tilsette og kundar og har alltid eit smil og eit godt ord på lur.

Daniel Wangensten – driftsleiar


Daniel har nett fått seg ny bustad på Kaldestad, og med 2 små born har han rikeleg å gjera. Han tek seg likevel tid til å dyrke interessa for engelsk fotball og favorittlaget Arsenal som han føl i tjukt og tynt.  Han likar og å spela på computeren sin, som alltid er i nærleiken. Han er driftsleiar i Kvinnherad Breiband og har vore med på heile utviklinga av den nye nettstrukturen vår med nye sentralar rundt i bygdene. Dette har vore i stor oppgåve som Daniel har klart med glans, og han er alltid kjapt pålogga om noko ikkje virkar som det skal.

Stian Hansen Bøe – It-konsulent


Stian er småbarnspappa på Husnes og har difor ikkje fritidsproblem. Han brukar si vesle fritid på engelsk fotball og har Chelsea som sin store favoritt.  Han har ei lidenskapeleg datainteresse og grusar Daniel i dataspel så ofte han kan.  Stian er teknikar og problemløysar og finn løysingar på små og store problem som oppstår.  Han er roleg og sindig og mister ikkje motet når det kokar rundt øyrene.  Som Daniel stiller han alltid opp på kort varsel når det er noko som oppstår.

Jan Andrè Revheim – fibermontør

Jan Andrè er småbarnspappa og busett på vakre Valen med formidabel utsikt over Høylandssundet.  Han er og stolt eigar av ein traktor som han strengt tatt ikkje har bruk for og som for tida ikkje vil i gir. Jan Andrè er vår nyaste tilsette montør, har allsidig bakgrunn frå bransjen og har jobba offshore.  Han kom fort inn i den blide gjengen som installerer og rettar feil hjå våre 4350 kundar med sitt vinnande vesen og arbeidslyst.

Eivind Tofte – lærling 

Eivind bur heime på Raudstein og likar alt med motor. Har nett fått lappen på motorsykkel og sin fyrste motorsykkel er allereie godt innkjørt. Eivind er fyrste lærlingen i Kvinnherad Breiband, i telekommunikasjonsmontørfaget og er snart ferdig med læretida.  Han fekk fort kjensla med dei tynne trådane inn i i fingrane og er allereie blitt ein røynd og dyktig montør som tar alle utfordringar på strak arm.  Eivind er eit ungt og friskt innslag i vår vaksne bedrift, og svelt ikkje så lenge nugattien er nær.

Vi jobbar kvar dag med fokus på kundar, produkt, pris og tenester.
Ris eller ros, send gjerne nokre ord til post@kband.no.

Du når oss  via kundesenter på telefon 53475640,  alle kvardagar
mellom kl.07:30 – 15:00.

Med ynskje om ein strålande ferie til alle våre kundar og gode samarbeidspartnarar.

GLOBAL OPPLEVING. LOKAL SERVICE.