Tysdag 14. mai la Kvinnherad Breiband om e-post server for alle @knett e-post adresser.
Dette har medført at mange av våre kundar har vore i kontakt med oss for bistand og veiledning. Dei siste dagane har vore hektiske, og vi beklagar dersom responstida har vore lengre enn normalt.

Kvinnherad Breiband @knett – eige web grensesnitt 
Kvinnherad Breiband har eiga heimeside og eige webgrensesnitt for e-post tenesta. E-posten kan sjekkast direkte via vår heimeside her.
Her loggar du inn med brukarnamn (di e-postadresse; eks: navn@knett.no) og ditt eige passord.
Dersom du manglar passord må du ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640.
E-post adressa di er heilt lik som tidlegare, og alt innhald skal vere flytta over på vår nye server (mail.kband.no).

Har du eige oppsett av e-post?
Kundane våre nyttar i dag mange forskjellige typar oppsett, som til dømes thunderbird, windowsmail, outlook, livemail og liknande.
Her finnes mange ulike veiledningar og oppsett avhengig av kva versjon du brukar. Det er særs mange variantar av e-post oppsett på marknaden, ei tilpassa veiledning til alle har vi diverre ikkje.
Den veiledninga som er laga av oss finn du her.

Ny e-post tjenar
Vi oppmodar alle våre kundar til å logge inn på e-post adressa si for ein kontroll av innhald. Dersom du mot formodning skulle mangle noko er det viktig at vi får beskjed innan 24. mai.
For dei kundane som treng hjelp til overføring av kontaktlister ber vi også om å bli kontakta med same frist.

Sikker bruk av e-post
Kvinnherad Breiband må til eikvar tid forhalde seg til gjeldande regelverk i forhold til sikkerhet og personvern.
Den nye e-post tjenaren vår oppfyller alle krav og anbefalt sikkerhetsnivå tilpassa personvern.
E-post er ein teknologi som mange er heilt avhengig av. Den består av ein masse forkortelsar og ord som dei fleste av oss ikkje har noko forhold til.
Dersom du vil lese meir om dette anbefalar vi deg å ta ein kikk her.

Fjernstyr datamaskin over internett – utvida support!
For kundar som bur langt unna og står fast i forhold til eksisterande veiledning kan vi nytte “teamviewer” for bistand lokalt på din datamaskin.
Teamviewer lar oss fjernstyre andre datamaskinar slik at vi kan styre dei uten å vere fysisk tilstades.
Dette er særs kjekt dersom du bur langt unna vårt kontor i Dimmelsvik.

Kontakt vårt kundesenter
Dersom du har behov for å snakka med oss kan du ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53475640, ope frå kl. 07:30 – 15:00.