Kvinnherad Breiband nærmar seg 4350 kundar og har hatt ein solid start i 2019.
Det er travle tider og vi merkar at heile Kvinnherad er i rørsle på ein god måte, med stor aktivitet både i næringslivet og på privat marknaden.
Alle i Kvinnherad ynskjer eit godt internett, det aukar effektiviteten.
Kven likar ikkje det? 

nytt! KB WIFI 
Kvinnherad Breiband har beslutta å utvide produktporteføljen. Vi tilbyr i dag internett, tv og fasttelefon. Om kort tid startar vi opp ei spanande utviding av produktspekter og vil tilby kundane våre moglegheit for KB WIFI. Vi ynskjer å tilby kundane våre godt trådlaust nett utan “dødsoner” i huset. Vi ynskjer at heile familien skal kunne strøyme og surfe på eit stabilt og godt trådlaust nett i alle rom.  Meir om vår nye wifi-produkt “KB WIFI” vil kome i eiga nyhetssak når produktet er klart. 

nytt! Oppgradering heimesentral og ny tv-platform
Om kort tid vil vi tilby kundane våre spanande moglegheiter til å oppgradere heimesentral, samt ta i bruk vår heilt nye tv-platform. Informasjon om pris og moglegheiter blir lagt ut på heimesida vår når dette blir tilgjengeleg.

nytt! E-post – @knett
Tysdag 14. mai kl. 22:00 skal vi flytta heile e-postserveren vår over på ny “tjenar”. E-post tenesta vil då få ny utsjånad.


Har du e-post @knett hjå oss anbefaler vi at du les meir om dette her.

Filmprosjekt 2019 

Vinteren 2019 starta med eit fantastisk filmprosjekt for Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband. Morselskapet, Kvinnherad Energi, fyller 100 år og kva er vel meir passande enn ein lokal reklamefilm i den anledning? Filmen er delt på ulike sosiale medium, snurrar på storskjerm hjå Husnes Storsenter og på kinoreklame i tida framover.


“Bestemor (Hjørdis Holgersen) snakkar ivrig med ungdomen på fjelltur!”

#LOKALHELT #HJARTEGOD #HUNDREÅRING #ENERGI
#BREIBAND #LOKAL #HELT #TAKKSEMD#VIBURDERDUBUR

Har du sett filmen? Trykk her for ein kikk då vel.

Vi er godt nøgde med sluttproduktet og håpar de likar filmen vår.

TV frå Get

Det mest fleksible tv-tilbodet på marknaden.
VELG DET DU VIL.
Bruk dine poeng og skreddersy TV-tilbodet ditt akkurat som du vil.

Sett saman din eigen underhaldningspakke. Velg mellom eit stort antal kanalar, strøymetenester og filmtenester.  Trekk frå og legg til som du vil. Her er mange moglegheiter.

Kva nettfart har du?
Når du skal måle nettfarten i heimen er det viktig å ta høgde for feilkilder som kan gi tregare internett. Din nettfart kan du måle med nettverkskabel frå din datamaskin til din fiber heimesentral via nettfart.no.
Merk deg at nettfarten i dei fleste tilfeller bli svekka gjennom trådlaust utstyr.

Verdt å tenkje på:

  • Er det mange i husstanden din som nyttar seg av nettet?
  • Har du ungdom i hus, kanskje likar dei å spele?
  • Nyttar du nettet til streaming via iPad, smart-tv, telefon og pc?

Trådlause signal kan vere sårbare.
Har du einingar som til dømes nyttar blåtann eller vannboren varme?
Det kan skape vanskar som forseinkingar og påverka ditt trådlause signal. Du bør unngå å plassere ruter i nærleiken av metallskap (sikringsskap), smart-tv og mikrobølgeovn.  Eit trådlaust signal tapar seg også mykje gjennom betong, gips og murveggar.  Den mest vanlege kjelda til støy på eige trådlaust nett er andre sitt nettverk i nærområdet, då spesielt i tettbygde strøk, leilighetskompleks og liknande.

Du finn informasjon om ditt abonnement/nettfart på din faktura.
Kvinnherad Breiband tilbyr i dag nettfart i mange klassar, heilt i frå fiber normal (50/50 mbps) til 1 GB (1000/1000 mbps). Kva treng du?

Eit godt nett i heimen skapar god stemning.

Kundesenter og vakttelefon
Du når oss på telefon 53475640 alle kvardagar frå kl. 07:30 – 15:00.
Etter kl. 15:00, helg og heilagdagar kan du kontakte oss på vakttelefon 53475670. Vår e-post adresse er post@kband.no.
Legg igjen beskjed så ringer vi tilbake så snart vi har ledig kapasitet.

Du kan elles lese meir om aktiviteten i selskapet på vår facebookside.