Tysdag 14. april vil vi foreta ei stor oppdatering av e-post tenesta vår.
I samband med dette vil e-post tjenar/tenesta vere utilgjengeleg frå ca. kl. 22:00-24:00.

Verdt å merke seg
Dersom du har innhald på e-post som skal nyttast i perioden rundt oppdatering anbefaler vi deg å ta ut informasjonen eller vidaresende den til ei anna e-post adresse (til dømes billettar, referansebekreftelse, osv.).

Nytt design 
Sjølve innloggingsbiletet vil sjå nytt ut, og nokre kundar vil kanskje trenge litt tid på å “bli kjend” med det nye designet.
Din eksisterande e-post og innhaldet i denne vil verte flytta over til ny tjenar. Du mister ikkje informasjon som du har lagra.

Har du eige e-post oppsett på din datamaskin, iPad, telefon?
Mange av våre kundar nyttar i dag eige e-post oppsett på til dømes iPad, mobiltelefon, datamaskinar og liknande.
Her vil det for nokon vere naudsynt med endring av eige oppsett.

Her finn du veiledning til oppsett av eigen e-post, dersom du ikkje brukar e-post tenesta direkte via vår heimeside. Vi hjelper kundane våre så godt som råd.

Sjekkar du e-post via nettlesar?
Ein del kundar vil truleg måtte tømme det som er kalla for “buffer” i eigen nettlesar for å kome inn på den nye serveren vår.
Her står litt informasjon om korleis ein kan gjere det på nettlesar for Chrome.

Bruk heimesida vår www.kband.no
Merk deg at alle våre kundar kan sjekke e-post adressa si via www.kband.no (bortsett frå under oppdateringa) ved å trykke på denne linken.

Vi tar forbehold om at feil kan oppstå i samband med oppgraderinga, og at nedetid kan bli lengre enn estimert ca. 2 timar.

Mvh Kvinnherad Breiband.