Tysdag 5. februar skal vi oppgradere til ny nodeteknologi på Seimsfoss. Arbeidet startar opp kl. 07:00 og vil vare til ca. kl. 18:00.
Arbeidet på Seimsfoss er ein del av totalutskrifting av teknisk utstyr i alle våre nodar (= teknisk hytte) i Kvinnherad. Det gjenstår ca. 30-40 % av nodenettet.
Kvinnherad Breiband legg opp til å vere ferdig med  totaloppgraderinga i løpet av hausten 2019.
Vi oppgraderer no utstyr for å imøtekome nye krav til nettfart i åra framover. Vi kan allereie no tilby dei som ynskjer det 1000 mbps til kring 60-70 % av kundane i nettet vårt.

Arbeidet på tysdag vil medføre ei nedetid på ca. 2 – 4 timar pr abonnent.
Vi foretar i utkoblingsperioden ei oppgradering av alt teknisk utstyr og oppdatering av software på kundane sitt eige utstyr.
Det er difor viktig at heimesentralen står påkobla straum denne dagen.

Bedrifter vil bli kontakta for eigen avtale. 

Kva må du som kunde tenkje på?
La utstyret stå påkobla straum heile dagen. Vi sender sms når arbeidet er gjennomført. Du må forvente at eige utstyr krev ein restart etter omkoblinga. Dette gjere du enkelt ved å ta straumen av/på.

Vi har fleire typar heimesentralar i nettet vårt; Allied telesys, tilgin og genexis.

Har du allied telesys heimesentral?
Ca. 1500 av våre kundar har heimesentral av type allied telesys.
Dersom du har heimesentral av denne typen må du merke deg fylgjande informasjon i forhold til eige trådlaust utstyr:

  • Dersom du har eigen ruter satt opp som aksesspunkt, må denne tilbakestillast/setjast opp som ruter. Veiledningsvideo finn du her.
  • Aksesspunkt (også kalla AP) vil ikkje fungere – dersom du har dette må utstyr erstattast med ruter. Dette heng saman med funksjonalitet kring utdeling av IP-adresser.

Kort forklart betyr dette i praksis at din heimesentral (allied telesys) blir påverka i forhold til måten ip-adressene frå Kvinnherad Breiband blir utdelt til din heimesentral. Det blir delt ut to ip-adresser pr husstand.
Ei ip-adresse blir tildelt allied telesys og ei ip-adresse blir tildelt den eininga som blir kobla på (t.d ruter). For å få utdelt tilstrekkeleg med ip-adresser (frå ditt eige utstyr) må ditt eige utstyr vere satt opp med noko som er kalla dhcp. Det vil seie at din eigen ruter deler ut ip-adresser til alle einingar i hustanden din (smart-tv, datamaskin, iPad, mobilar, osv).  Denne funsjonaliteten vil du diverre ikkje ha ved bruk av aksesspunkt.


Allied telesys heimesentral ser slik ut. 

Etter omkobling
Dersom dine tenester ikkje fungerer etter mottatt sms, anbefaler vi deg å ta straumen av og på eige utstyr.  Alle får utdelt ny IP-adresse, og ein omstart kan difor vere naudsynt.

Vi er tilgjengeleg på vårt kundesenter på telefon 53475640
(fram til kl. 15:00) og vakttelefon 53475670 (etter kl. 15:00).

Merk deg at det blir sendt sms til alle når arbeidet er ferdigstilt.