Vi er i full sving med nytt år, men det privilegium å ha travle dagar på alle avdelingar. Det merkast at næringslivet er i vekst, med stor pågang av nybestillingar både frå næringsliv og privatpersonar.
Vi har i dag over 4250 kundar i vårt fibernett, med god kapasitet til mange fleire. Byggeaktiviteten er relativt stor, og vi er særs takksame for at kvinnheringane ser ut til å velje fiber framfor anna teknologi.

I 2019 skal heile det tekniske utstyret  til Kvinnherad Breiband vere oppgradert, det gjenstår 30-40 % utskrifting så er vi i mål.
Vi vil då kunne tilby alle våre kundar 1 G (1000 mbps) fart på eige nett.

Våre eigarar feirar 100 års jubileum i år, dette blir markert på mange flotte måtar gjennom heile året. Fyrste offisielle markeringa blir utstillinga på Kvinnherad bibliotek laurdag 26. januar kl. 14:00. Den kan vi anbefale alle å ta turen innom for å sjå. På opninga blir det servert kaffi og kake til dei frammøtte.

Image may contain: text

Kva er fiberteknologi?
Med fiberbreiband får du ein kompromisslaus teknologi heilt inn til din eigen husvegg. Det går like raskt å laste både opp og ned.
Signala blir sendt med lyset sin fart. Du er rigga for framtida.
I motsetning til andre typar breiband, som blir levert via linjer med begrensningar (for eksempel kobber), er det kun eige utstyr som set begrensningar på fiberbaserte breiband.
Fiber har så og seie ein uendeleg kapasitet og kan overføre vanvittig mengde data i ekstrem fart.
Vi trur at framtida med fiber breiband er heilt overlegent for å imøtekome den lynraske utviklinga, og ditt behov i åra som kjem. I 2018 fylte vi 15 år.

Dersom du ikkje allereie er ein del av breibandsfamilien er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss.

Global oppleving. Lokal service.