Får du huset fullt i gjester er det ikkje berre dusjen og oppvaskmaskina som får køyrt seg. Dei håpefulle gjestene vil gjerne og nytte seg av nye gåver og ting dei har med seg som krev internett, slik er det no blitt.
Ei god øving før jul er å sjekke den trådlause ruteren din. Er den klar for storinnrykk, eller det på tide å skaffe seg ein ny?

Vi leverer fiber inn til huset. Du er sjølv ansvarleg for å spreie det i huset, anten med kabelnett eller trådlaust utstyr som er berekna på dagens bruk med strøyming av film, speling, TV og anna krevjande dataoverføring. Dei lokale butikkane hjelper deg gjerne med å finne rett utstyr som høver til din bustad.
Ta gjerne ein kikk på filmane våre der Per Ivar og Kjell har sine utfordringar.

Over halvparten av våre kundar kan no få opp til 1000 mbps opp og nedlastingshastigheit.

Ta difor gjerne kontakt med oss ved å sende ein e-post til post@kband.no, der du oppgir kva hastigheit du vil ha, dersom du treng fart i stova!
Bestillingsskjema finn du her.

Lett på nett # 1:

Lett på nett # 2:

WWW.KBAND.NO